Hopp til innhald

Bakkestorleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bakkestorleik (Hill Size, forkorta HS) er ei linje på tvers av bakken på det punktet i unnarennet der tangenten til landeradiusen er 32°.

Etter innføringa av V-stil og endra profil på hoppbakkane, blei K-punktet i mindre grad enn før ein påliteleg målestokk på storleiken på av hoppbakken. Dei siste åra har FIS derfor òg brukt denne nemninga som eit mål på storleiken. Bakkestorleiken kan samanliknast med jurylengda, men er ofte litt mindre.