Bayerischer Wald
Utsjånad
Bayerischer Wald | |||
fjellkjed | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Bayerischer Wald 49°00′00″N 12°40′00″E / 49°N 12.666666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Bayerischer Wald |
Bayerischer Wald (norsk 'Den bayerske skogen') er ei låg fjellkjede i Bayern i Tyskland. Ho strekkjer seg langs grensa til Tsjekkia og held fram på den tsjekkiske sida som Böhmerwald. Geografisk er Bayerischer Wald og Böhmerwald same fjellkjede.
Det høgaste fjellet er Großer Arber på 1 456 meter over havet. Den største elva er Regen, som vert danna der elvane Kvite Regen og Svarte Regen renn i hop, og ho renn ut av fjella mot byen Regensburg.
Eit 240 km² stort område av Bayerischer Wald er omgjort til nasjonalpark. Han vart grunnlagd i 1970 og var den første nasjonalparken i Tyskland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bavarian Forest» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juni 2007.