Bjørn Wiinblad
Utsjånad
Bjørn Wiinblad | |
Bjørn Wiinblad Foto: Erling Mandelmann
| |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 20. september 1918 København |
Død | |
Yrke | designar, kunstmålar, keramikar |
Bjørn Wiinblad på Commons |
Bjørn Wiinblad (fødd 20. september 1918 i København, død 8. juni 2006) var ein dansk målar, teiknar og keramikar. Han vart utdanna ved Kunstakademiet i København.
Wiinblad hadde ein frodig dekorasjonsstil, som mellom anna er inspirert av persisk ornamentikk, som pregar kunsten hans. Frå 1956 samarbeidde han med Rosenthal. Ved sida av keramiske arbeid, fleire servise, platter o.l., laga han fleire plakatar, bokomslag og teaterdekorasjonar, og illustrerte barnebøker med eigne tekstar.