Bjerkås
Utsjånad
59°47′33″N 10°29′9″E / 59.79250°N 10.48583°E Bjerkås er ein tettstad i Asker kommune som ligg ut mot Oslofjorden.
På Bjerkås finst badestranda Sjøstrand bad.
På Bjerkås har Vestfjorden avløpsselskap (VEAS) eit reinseanlegg som tek seg av avløpsvatnet frå kommunane Asker, Bærum og Oslo kring Indre Oslofjord, som her òg vert kalla «Vestfjorden». Ein kloakktunnel er bygt i fjell frå Oslo til reinseanlegget på Bjerkås.