Hopp til innhald

Blood, Sweat & Tears 3

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blood, Sweat & Tears 3
Studioalbum av Blood, Sweat & Tears
Språk engelsk
Utgjeve Juni 1970
Sjanger Rock
Lengd 42:46
Selskap Columbia
Produsent Bobby Colomby, Roy Halee
Blood, Sweat & Tears-kronologi 
Blood, Sweat & Tears
(1968)
Blood, Sweat & Tears 3 Blood, Sweat & Tears 4
(1971)


Blood, Sweat & Tears 3 er det tredje studioalbumet til Blood, Sweat & Tears, gjeve ut i 1970.

Etter den store suksessen med det førre albumet sitt, var Blood, Sweat & Tears 3 særs etterlengta og det steig raskt oppover albumlista i USA. Det inneheldt to hitsinglar, ein coverversjon av Carole King sin «Hi-De-Ho», og «Lucretia MacEvil.» ALbumet inneheldt mange andre coversongar og fekk heller lunken mottaking i musikkpressa.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars [1]
Christgau's Record GuideC–[2]
The Village VoiceC[3]

Village Voice-kritikaren Robert Christgau avviste synginga til David Clayton-Thomas som «oppstøyt», og kalla «Symphony for the Devil» ein «ganske bra rock and roll-song som vert avslørt som midtbryn-søle når han vert tilført sukker.»[2] William Ruhlman i Allmusic kalla albumet «eit overtydande, men ikkje like imponerande følgjesvein til den førre hitten deira. David Clayton-Thomas er framleis ein entusiastisk, ropande bluessongar, og bandet klarar framleis å skape livlege arrangement... men pretensjonen deira, som på den lange «Symphony/Sympathy for the Devil», og tendensen til å låne andre artistar sine meir kjende songar i staden for å skape sine eigne, er ei åtvaring om det som kom i åra framover.»[1]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Hi-De-Ho»Gerry Goffin, Carole King4:27
2.«The Battle»Dick Halligan, Steve Katz2:41
3.«Lucretia MacEvil»David Clayton-Thomas3:04
4.«Lucretia's Reprise»Blood, Sweat & Tears2:35
5.«Fire and Rain»James Taylor4:03
6.«Lonesome Suzie»Richard Manuel4:36
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Symphony for the Devil / Sympathy for the Devil»Dick Halligan / Mick Jagger, Keith Richards7:49
8.«He's a Runner»Laura Nyro4:14
9.«Somethin' Comin' On»Joe Cocker, Chris Stainton4:33
10.«40,000 Headmen»Steve Winwood, Jim Capaldi4:44

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Produksjon

[endre | endre wikiteksten]
  • Produsentar: Bobby Colomby, Roy Halee
  • Lydteknikarar: Roy Halee, Lou Waxman
  • Arrangørar: David Clayton-Thomas, Bobby Colomby, Jim Fielder, Dick Halligan, Fred Lipsius
  • Design: John Berg
  • Fotografi: Lee Friedlander, Melissa Katz, Fred Lombardi

Salslister

[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (USA)

År Liste Plassering
1970 Pop Albums 1

Singles - Billboard (USA)

År Singel Liste Plassering
1970 «Hi-De-Ho» Pop Singles 14
1970 «Lucretia MacEvil» Pop Singles 29
  1. 1,0 1,1 Ruhlman, William. «Blood, Sweat & Tears 3 > Review». Allmusic. Henta 9. mai 2020. 
  2. 2,0 2,1 Christgau, Robert (1981). Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. s. 51. ISBN 0899190251. Lay summaryReview was reprinted at Christgau's website (10. mai 2020). 
  3. Christgau, Robert (30. juli 1970). «Consumer Guide (12)». The Village Voice (New York). Henta 10. mai 2020.