Brașov
Brașov | |||||
---|---|---|---|---|---|
Brașov sett frå toppen av fjellet Tâmpa | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Romania | ||||
Fylke | Brașov | ||||
Grunnlagd | 1408 | ||||
Borgarmeister | George Scripcaru | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By - Storbyområde |
267,2 km² 1368.5 km² | ||||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2021) - folketettleik - Storbyområde |
237 589 889,2 /km² 412 076 | ||||
Koordinatar | 45°40′0″N 25°37′0″E / 45.66667°N 25.61667°E | ||||
Høgd over havet | 600 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | RO-500000 | ||||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 68 | ||||
Bilnummer | BV | ||||
Nettstad: www.brasovcity.ro |
Brașov (braˈʃov; ungarsk Brassó; tysk Kronstadt; latinsk: Brassovia eller Corona) er ein by i Romania og hovudstaden i Brașov fylke. Han har om lag 250 000 innbyggjarar og er den åttande største byen i etter București, Cluj-Napoca, Timișoara, Iași, Craiova, Constanța og Galați.
Brașov ligg sentralt i landet, om lag 166 km frå București. Han er omgjeve av Dei sørlege Karpatane og er ein del av regionen Transilvania.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart grunnlagd under namnet Corona (Kronstadt) av ordensbrørne frå Den tyske riddarordenen på byrjinga av 1200-talet, som søraustlegaste tyske by i Siebenbürgen. I 1225 måtte ordensbrørne forlate byen og slo seg ned i Baltikum. Byen var gjennom mange hundreår det kulturelle, andelege og religiøse sentrum for siebenbürgen-saksarane, den tyske folkegruppa i Siebenbürgen, som hadde slått seg ned i området på 1200-talet og utgjorde majoriteten i byen fram til 1800-talet. Byen er òg ein av dei sju festningsbyane som gav namn til Siebenbürgen. På 1200- og 1300-talet gjekk tatarar og tyrkarar stadig til åtak på byen. Så seint som på 1600-talet var byen og regionen gjennom plasseringa si ved grensa til Det osmanske riket. Byen og regionen høyrte sidan mellomalderen til Kongedømet Ungarn og dermed det habsburgske riket (seinare Austerrike-Ungarn). Sidan Trianontraktaten i 1920 har byen vore ein del av Romania. Mellom 1951 og 1961 vart byen kalla Orașul Stalin etter Josef Stalin av det sovjetinnsette kommunistregimet. I 1989 var byen ein av dei første der folk gjorde opprør mot kommunistdiktaturet under den rumenske revolusjonen. I dei siste tiåra har byen hatt ein rumensk majoritet. Det bur derimot framleis ein del ungararar der. Den tyske folkesetnaden har derimot nesten heilt forsvunne på grunn av bortdriving etter den andre verdskrigen og seinare utvandring. I dag er det om lag 1400 tyskarar att i byen.
Attraksjonar
[endre | endre wikiteksten]- Bran slott - bygd av Den tyske riddarordenen og inspirasjonskjelde for Bram Stoker sin Dracula.
- Biserica Neagră - «den svarte kyrkja», ei mellomalderkyrkje frå 1383 (gjenoppbygd i 1477).
Busetnader
[endre | endre wikiteksten]Brașov er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:
Busetnad | Folketal 2011[2] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Brașov | 252 814 | 237 315 |
Poiana Brașov | 386 | 274 |
Storbyområde
[endre | endre wikiteksten]Storbyområdet til Brașov omfattar Brașov og 17 andre kommunar, med eit samla folketal på 412 076.[3][4]
Kommune | Folketal 2021[1] | |
---|---|---|
Brașov | municipiu | 237 589 |
Codlea | municipiu | 20 534 |
Săcele | municipiu | 30 920 |
Ghimbav | oraș | 7 208 |
Predeal | oraș | 4 020 |
Râșnov | oraș | 15 920 |
Zărnești | oraș | 21 624 |
Bod | comună | 5 097 |
Budila | comună | 4 926 |
Cristian | comună | 5 292 |
Crisbav | comună | 2 592 |
Feldioara | comună | 6 311 |
Hălchiu | comună | 4 560 |
Hărman | comună | 7 152 |
Prejmer | comună | 8 647 |
Sânpetru | comună | 11 794 |
Tărlungeni | comună | 12 067 |
Vulcan | comună | 4 823 |
Total | 412 076 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Brașov» frå Wikipedia på engelsk, og «Brașov» frå Wikipedia på bokmål den 9. juli 2008.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Populația rezidentă (Sexe, Județe, Municipii, orașe și comune*, Sate*) (Busett befolkning (kjønn, fylke, municipiu, oraș og comună, landsby))». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 1. desember 2021. Henta 20. september 2023.
- ↑ «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente ('Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar')». Institutul Național de Statistică ('Det nasjonale instituttet for statistikk'). 31. oktober 2011. Henta 23. april 2022.
- ↑ «Membrii AMB». Zona Metropolitană Brașov. Henta 15. februar 2023.
- ↑ «Noi clarificări de la autorități despre cele 22 de zone metropolitane din România (Nye avklaringar frå styresmaktene om dei 22 storbyområda i Romania)». Libertatea. 22. mai 2020. Henta 27. oktober 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Virtuell rundtur gjennom Brașov Arkivert 2007-04-29 ved Wayback Machine.
- Memorial Museum «Muresianus’ House» Arkivert 2007-04-10 ved Wayback Machine. (engelsk)
- Brasov visitor Arkivert 2015-10-15 ved Wayback Machine. (engelsk-språkleg magasin)