Brandangersundet bru
Type | vegbru | ||
---|---|---|---|
Stad | Gulen (Vestland) | ||
Opna | 4. november 2010 | ||
Strekning | Fylkesveg 5582 | ||
Lengd | 285 meter | ||
Høgd | 30 m | ||
Fri høgd | 18 m | ||
Største spenn | 220 m | ||
Kryssar | Brandangersundet | ||
Utforming | nettverksbogebru | ||
Transporterer | Fylkesveg 5582 | ||
Brandangersundet bru 60°53′54″N 5°01′29″E / 60.89833333°N 5.02472222°E |
Brandangersundet bru er ei nettverksbogebru på Fylkesveg 5582 i Gulen kommune i Vestland. Brua går over Brandangersundet.
Brua knyter saman Sandøy med resten av fastlandet i Gulen og saman med bruene Nappsundbrua, Mjømnesundbrua og Mjåsundbrua gjev ho fastlandssamband til øyene Mjømna og Byrknesøy. Brua over Brandangersundet har eitt hovudspenn på 220 m og ei totallengd på 285 m. Dette er den lengste nettverksbogebrua i Noreg og samstundes den til no smalaste i verda.[treng kjelde] Ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg-Skipavik mista stoppet i Skipavik og trafikkerer berre strekninga Leirvåg-Sløvåg etter opninga av brua.[1][2][3]
Planlegging og bygging
[endre | endre wikiteksten]Brua er prosjektert av Aas-Jakobsen AS. Planlegginga av brua vart mykje meir omfattande enn fyrst tenkt og byggestart på brua vart utsett fleire gonger. I mars 2009 var anbodet lyst ut med frist 18. mai 2009.[1] I juli 2009 vart det underteikna kontrakt med Skanska om bygging av brua.[2] Brua vart bygd på land i Sløvåg og så lyft på plass av to kranbåtar 3. september 2010. For å få gjennomført lyftet og transporten til Brandangersundet måtte ei høgspentlinje som forsyner Mongstad-raffineriet med straum mellombels demonterast. Dette vart gjort i samband med produksjonsstopp på raffineriet i september 2010.[3] 4. november 2010 vart Fylkesveg 4 i Sogn og Fjordane, Sløvåg-Ånneland, offisielt opna.
Andre nettverksbogebruer i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Til no finst det berre to til nettverksbogebruer i Noreg. Dei vart begge opna i 1963.
- Håkkadalsbrua over Steinkjerelva i Nord-Trøndelag, hovudspenn på 79,75 m, den fyrste nettverksbogebrua i Noreg, opna i juli 1963
- Bolstadstraumen bru i Hordaland, hovudspenn på 84 m
Sjå og
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Brandangersundet bro» henta frå Wikipedia på bokmål. Der vart desse kjeldene gjevne:
- ↑ 1,0 1,1 Endelig: Brandangersundet bru er utlyst[daud lenkje] - Våre Veger - Besøkt 18. april 2010
- ↑ 2,0 2,1 Brandangersundet bru til Skanska - Teknisk Ukeblad - Besøkt 18. april 2010
- ↑ 3,0 3,1 Bru over Brandangersundet[daud lenkje] Statens Vegvesen - besøkt 18. april 2010