Brda
Utsjånad
Brda | |||
elv | |||
Moderne kornlager ved Brda i Bydgoszcz.
| |||
Land | Polen | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 4 627 km² | ||
Lengd | 238 km | ||
Brda 54°01′57″N 17°04′39″E / 54.0325°N 17.0775°E | |||
Wikimedia Commons: Brda |
Brda (tysk Brahe, kasjubisk Brda) er ei elv nordvest i Polen og ei sideelv til Wisła. Ho er den 15. lengste elva i landet med ei lengd på 238 km og eit nedslagfelt på 4627 km².
Skipsfart
[endre | endre wikiteksten]Brda er ein del av vassvegen Oder-Wisła og knyter desse to elvane saman via elvane Warta og Noteć og Bydgoszcz-kanalen. Vassvegen er framkommeleg for mellomstore elveprammar (av CEMT Klasse II), men med avgrensa amning.
Etter at EU har utvida austover kan vassvegen kome til å spele ei viktig rolle. Det er ei lenkje til Aust-Europa via Wisła, Narew, Bug, Mukhavets, Pripjat og Dnepr, men vassvegen er ikkje framkommeleg på grunn av ei demning nær Brest i Kviterussland.
Byar ved og nær Brda
[endre | endre wikiteksten]- Przechlewo
- Konarzyny (tysk Konarschin (fram til første verdskrigen), Kunertsfeld (under andre verdskrigen), kasjubisk Kònarzënë)
- Tuchola (tysk Tuchel)
- Koronowo (tysk Krone, Polnisch Krone, Krone an der Brahe)
- Bydgoszcz (tysk Bromberg)
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Brda River» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mai 2008.
Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.