Brilleparula
Brilleparula | |
Brilleparula | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Nær truga Utbreiinga av Brilleparula | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Parulafamilien Parulidae |
Slekt: | Myiothlypis |
Art: | Brilleparula M. conspicillata |
Vitskapleg namn | |
Myiothlypis conspicillata |
Brilleparula (Myiothlypis conspicillata) er ein fugl i parulafamilien som er endemisk for Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.
Arten er nært knytt til gråstrupeparula, Myiothlypis cinereicollis og rustkroneparula, Myiothlypis coronata. IUCN listar arten som nær truga, NT.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Brilleparulaer når ei kroppslengd på 13,5 centimeter og venglengda er 6 cm. I grove trekk er hovud, hals og nakke i grått med svake brilleteikningar og kronestriper, oversida er olivengrøn og undersida er lys gul med skin av olivengrønt.
Vaksne fuglar og ungfuglar frå det første året syner ei svartgrå panne og svartgrå topp sidestriper som strekker seg til nakken. Den heller smale sentrale kronestripa over hovudet er gulaktig oransje. Dei kvite augeringane er ikkje komplette, men saman med ei lys eller kvit stripe frå auge til nebb dannar dei ei uklår brilleteikning. Strupeområdet og halsen er bleikare grå enn hovudet. Vengene er mørk brune med olivengrøne fjørkantar.
Denne arten er ein av tre parulaartar som førekjem i fjellkjeda Sierra Nevada de Santa Marta i det nordlege Colombia. Dei er standfuglar som lever i fuktige skogar, skogkantar og i velutvikla sunn vegetasjon i høgder mellom 450[1] og 2200 moh. Føda tar dei i nedre og midtre delar av vegetasjonen, vanlegvis i tett kratt eller underskog. Ein trur føda er insekt og andre leddyr, under beitinga kan dei vere med i fleirartsflokkar, gjerne saman med andre parulaartar i området som brunpanneparula, Basileuterus rufifrons og gyllenkroneparula, Basileuterus culicivorus.[1]
Det kuppelforma reiret blir bygd på bakken eller under trerøter. Eit kull består av tre til fire egg. Om hekkesesongen og ruging og modningsperiode for ungar finst ingen eksakte undersøkingar. Reproduktive fuglar førebudd for hekking har vore observert mellom april og juni.
Brilleparula ble tidligare sett på som ein underart av gråstrupeparula eller av rustkroneparula.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rotscheitel-Waldsänger» frå Wikipedia på tysk, den 9. august 2015.
- Referansar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bilete av brilleparula på flickr.com
- Curson, J. (2010). White-lored Warbler (Myiothlypis conspicillata) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 9. august 2015
- BirdLife International (2015) Species factsheet: Myiothlypis conspicillata Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 9. august 2015