Hopp til innhald

Brukardiskusjon:Eb

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hei og velkomen til Nynorsk Wikipedia, eb! Eg føreslår at du tek ein kikk på stilmanualen vår for å sjå korleis artiklar bør setjast opp og korleis du enkelt kan formatere tekst. Du kan finne ei grei innføring til korleis Wikipedia fungerer her. Dersom du lurer på noko er det berre å spørje!. Eg ser du har erfaring frå dette, men spør dersom det er noko vi kan hjelpe med. --Ekko 15:58, 16 oktober 2006 (UTC)

Velkommen frå meg òg! Flott at du bidreg. -- Ranveig 14:56, 17 oktober 2006 (UTC)

Takk for det!


Hei, Endre, velkomen frå meg og, triveleg å sjå deg her. Det obligatoriske tipset: Fire tilder er signatur: ~~~~, hugs kategoriar på artiklane, og interwiki der det finst. Trondtr 18:33, 24 oktober 2006 (UTC).

Hei Trond, takk likeins. Skal prøve å lære meg dette.

Eg må berre legge til at du ikkje må ta småmaset vårt om finurlege små detaljar for tungt. Det er ikkje lett å læra seg alle desse smågreiene i ein fart, berre mas om alt du lurar på. --Ekko 14:16, 21 mai 2007 (CEST)

I artikkelen om Færøyane tok du ut avsnittet om at det var litt motstand mot rettskrivinga til Hammershaimb og at Jakob Jakobsen lanserte eit alternativ. Er det noen grunn til det? --KRISTAGAα-ω 17:59, 22 mai 2007 (CEST)

Det var fyrst og fremst Jakob Jakobsen som stod for motstanden, og det ville eg få fram, men så må eg ha blingsa og ikkje fått inn det eg skulle ha der. Orsak, men no er det ordna. Ei anna sak er at språkspørsmålet bør stå i ein del for seg sjølv; eg skal sjå nærmare på det.

Du brukar feil tegn for edd. Rett skal vera «ð» (og «Ð»). Hva slags data sit du på? På Linux er det bare å trykke [AltGr]+d for å få edd. På Windows er det vel [Alt]+208 viss eg ikkje hugsar feil. Eller var det [AltGr]+208? Du kan evt. skrive ð for å få fram det same. --KRISTAGAα-ω 18:03, 22 mai 2007 (CEST)

Hei Eb! Ser du har jobba med artikkelen Friesland. Me har alt ein artikkel som heiter Friesland i Nederland, men han manglar ein del av det du har skrive, så kanskje du kan flette det inn i den artikkelen? Årsaka til at han er lagt under Friesland i Nederland, er at artikkelen Friesland bør omhandle heile regionen Friesland som strekkjer seg langs Vadehavet frå Nederland til Danmark. --Frokor 24. august 2008 kl. 11:53 (CEST)[svar]