Burn av Deep Purple
Burn Studioalbum av Deep Purple | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. februar 1974 | |
Innspelt | November 1973 | |
Studio | Montreux i Sveits med Rolling Stones Mobile Studio | |
Sjanger | ||
Lengd | 41:37 | |
Selskap | Purple | |
Produsent | Deep Purple | |
Deep Purple-kronologi | ||
---|---|---|
Who Do We Think We Are (1973) |
Burn | Stormbringer (1974)
|
Singlar frå Burn | ||
Burn er det åttande studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple, gjeve ut i februar 1974. Det var det første albumet deira med Mark III-besetninga ed den då ukjende David Coverdale på vokal og Glenn Hughes, frå Trapeze, på bass og vokal.
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]Albumet vart spelt inn i Montreux i Sveits, i november 1973 med Rolling Stones Mobile Studio. Med tilsetninga av David Coverdale og Glenn Hughes vart hardrockstilen til Purple meir boogie-orientert, med innslag av soul og funk, noko som skulle bli mykje meir framståande på oppfølgjaralbumet Stormbringer.
Hughes deltok i låtskrivinga, men vart ikkje kreditert på grunn av utgåtte kontraktsforpliktingar. 30-årsjubileumsutgåva av albumet inkluderte likevel Hughes i krediteringane for alle spora bortsett frå «Sail Away», «Mistreated», «'A' 200» og bonussporet «Coronarias Redig».[2]
Utgjeving og mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [3] |
Blogcritics | (positiv)[4] |
Christgau's Record Guide | C+[5] |
Rolling Stone | (negativ)[6] |
Burn nådde tredjeplassen på UK Albums Chart, niandeplassen på den amerikanske Billboard' 200 og det gjekk til topps i fire europeiske land.
I 2004 vart Burn ommastra og gitt ut med bonusspor. «Coronarias Redig» vart spelt inn under innspelinga av Burn, men vart berre brukt som B-side på singelen «Might Just Take Your Life» i 1974. Han dukka opp som bonusspor (i remixa form) på jubileumsutgåva. Remix-versjonen av «Burn» frå 2004 vart seinare brukt i Guitar Hero: Warriors of Rock.[7].
I 2005 vart det produsert ein uautorisert dokumentar om albumet som ein del av serien «The Ultimate Critical Review». Den inneheldt eit heilt nytt intervju med Glenn Hughes.
Førstesingelen «Might Just Take Your Life», gitt ut 4. mars, var den første britiske singelen til Deep Purple på to år.
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]I ei retrospektiv melding for AllMusic uttalte Eduardo Rivadavia følgjande:
Det fenomenale tittelsporet sette i gang for fullt og utfordra faktisk den banebrytande «Highway Star» om æra som den beste opningslåten på eit Deep Purple-album, samtidig som det alltid imponerande trommespelet til Ian Paice kom til sin rett. Den fantastiske, seigt kokande bluesen i «Mistreated» kvalifiserer til det høgaste hardrock-prestasjonsnivået, og er derfor eit uunnværleg innslag i diskografien til alle musikkfans med respekt for seg sjølv.[3]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Ritchie Blackmore, David Coverdale, Jon Lord, Ian Paice og Glenn Hughes, utanom der anna er nemnt[2].
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Burn» | 6:00 | |
2. | «Might Just Take Your Life» | 4:36 | |
3. | «Lay Down, Stay Down» | 4:15 | |
4. | «Sail Away» | Blackmore, Coverdale | 5:48 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «You Fool No One» | 4:47 | |
2. | «What's Goin' On Here» | 4:55 | |
3. | «Mistreated» | Blackmore, Coverdale | 7:25 |
4. | «'A' 200» | Blackmore, Lord, Paice | 3:51 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
9. | «Coronarias Redig» (remix frå 2004) | Blackmore, Lord, Paice | 5:30 |
10. | «Burn» (remix frå 2004) | 6:00 | |
11. | «Mistreated» (remix frå 2004) | Blackmore, Coverdale | 7:28 |
12. | «You Fool No One» (remix frå 2004) | 4:57 | |
13. | «Sail Away» (remix frå 2004) | Blackmore, Coverdale | 5:37 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Deep Purple
- Ritchie Blackmore – sologitar
- David Coverdale – vokal
- Glenn Hughes – bassgitar, vokal
- Jon Lord – klaverinstrument, synthesizer
- Ian Paice – trommer
Production
- Deep Purple – produsent, miksing
- Martin Birch – lydteknikar, miksing
- Tapani Tapanainen – assisterande lydteknikar
- Nesbit, Phipps and Froome – omslag
- Fin Costello – fotografi
- Candle Makers Supplies – stearinlys
- Tony Edwards – leiande produsent (2004-utgåva)
- Matthew Tait – miksing i Metropolis Studios, London (bonusspor)
- Peter Mew – mastering i Abbey Road Studios, London (2004-versjon)
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Vekeslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1974) | Plassering |
---|---|
Australske album (Kent Music Report)[8] | 7 |
Austerrikske album (Ö3 Austria)[9] | 1 |
Canada Top Albums/CDs (RPM)[10] | 7 |
Den danske albumlista[11] | 1 |
Nederlandske album (MegaCharts)[12] | 7 |
Finland (The Official Finnish Charts)[13] | 5 |
Den franske albumlista (SNEP)[14] | 4 |
Tyske album (Offizielle Top 100)[15] | 1 |
Italienske album (Musica e Dischi)[16] | 3 |
Den japanske albumlista (Oricon)[17] | 11 |
Norske album (VG-lista)[18] | 1 |
Britiske album (OCC)[19] | 3 |
US Billboard 200[20] | 9 |
Årslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1974) | Plassering |
---|---|
Australske album (Kent Music Report)[21] | 23 |
Tyske album (Offizielle Top 100)[22] | 5 |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Frankrike (SNEP)[23] | Gull | 100 000* |
Tyskland (BVMI)[24] | Gull | 150,000[24] |
Sverige (GLF)[25] | Gull | 50 000^ |
Storbritannia (BPI)[26] | Gull | 100 000^ |
USA (RIAA)[27] | Gull | 500 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]Publikasjon | Land | Utmerking | År | Plassering |
---|---|---|---|---|
Classic Rock | Storbritannia | 100 Greatest British Rock Albums Ever[28] | 2006 | 27 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Burn (Deep Purple album)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juli 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Popoff, Martin (2016). The Deep Purple Family (2nd utg.). Wymer Publishing. s. 151. ISBN 978-1-908724-42-7.
- ↑ 2,0 2,1 Deep Purple (2004). Burn 30th Anniversary Edition (CD Booklet) . Purple Records. 7243 4 73621 2 4.
- ↑ 3,0 3,1 Rivadavia, Eduardo. «Deep Purple - Burn review». AllMusic. All Media Network. Henta 2. mars 2017.
- ↑ Bowling, David (1. desember 2011). «Music Review: Deep Purple - Burn». Blogcritics. Henta 2. mars 2017.
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: D». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 24. februar 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ Barnes, Ken (25. april 1974). «Deep Purple: Burn». Rolling Stone. Henta 2. desember 2009.
- ↑ {Video på YouTube
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ "Deep Purple - Burn" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 10. juli 2023.
- ↑ "Top RPM Albums: Nummer 5022a". RPM. Library and Archives Canada.
- ↑ «Danske Hitliter: Burn - Deep Purple» (på dansk). Royal Library, Danmark. Arkivert frå originalen 17. oktober 2015. Henta 2. mars 2017.
- ↑ "Deep Purple – Burn". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 10. juli 2023.
- ↑ Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 166. ISBN 978-951-1-21053-5.
- ↑ «Le Détail des Albums de chaque Artiste – D». Infodisc.fr (på fransk). Arkivert frå originalen 22. oktober 2014. Henta 9. juni 2012. Select Deep Purple from the menu, then press OK.
- ↑ "Offiziellecharts.de – Deep Purple – Burn" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 9. juli 2023.
- ↑ «Classifiche». Musica e Dischi (på italiensk). Henta 27. mai 2022. Set «Tipo» on «Album». Then, in the «Artista» field, search «Deep Purple».
- ↑ Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005 (på japansk). Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9.
- ↑ "Deep Purple – Burn". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
- ↑ "Deep Purple | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 8. juli 2023.
- ↑ "Deep Purple Album & Song Chart History" Billboard 200 for Deep Purple. Prometheus Global Media. Henta 8. juli 2023.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 426. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «Top 100 Album-Jahrescharts» (på tysk). GfK Entertainment Charts. 1974. Arkivert frå originalen 12. juni 2018. Henta 2. april 2022.
- ↑ «French album salstrofé – Deep Purple – Burn» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique.
- ↑ 24,0 24,1 «Purple Gold» (PDF). Billboard: 64. 10. desember 1974.
- ↑ «Guldskivor: Burn - Stormbringer '». 20. desember 2020.
- ↑ «British album salstrofé – Deep Purple – Burn». British Phonographic Industry. Enter Burn in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ «American album salstrofé – Deep Purple – Burn». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
- ↑ «Classic Rock – 100 Greatest British Rock Album Ever – April 2006». Classic Rock. Henta 10. februar 2009.
Føregangar Band on the Run Paul McCartney og Wings |
Toppen av VG-lista Deep Purple 5 veker, Veke 12–16, 1974 |
Etterfylgjar Waterloo ABBA |