Byen Windermere
Utsjånad
- Denne artikkelen handlar om byen. For innsjøen, sjå Windermere.
Windermere | ||
---|---|---|
Main Road | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Cumbria | |
Distrikt | South Lakeland | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
8 245 | |
Koordinatar | 54°23′N 2°54′W / 54.383°N 2.900°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | LA23 | |
Telefon-retningsnummer | 0 15394 | |
Windermere er ein by i Lake District i grevskapet Cumbria i England. Han har kring 8000 innbyggjarar. Han ligg om lag 1 km frå innsjøen Windermere,[1][2] den største naturlege innsjøen i England. Han har no vokse saman med den eldre byen Bowness-on-Windermere, som ligg like ved innsjøen, sjølv om kvar by framleis har klare sentrum.
Historisk høyrte byen til Westmorland. Byen blei skipa rundt Windermere jernbanestasjon, som blei opna i 1847.[3] Stasjonen ligg på West Coast Main Line, og har avgangar til Oxenholme og til Manchester lufthamn.[4] Windermere Hotel blei bygd i 1849.
Byen ligg nær hovudvegen A591, som går gjennom Lake District frå Kendal til Keswick.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Windermere, Cumbria» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juli 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.britinfo.net/index_Windermere.htm
- ↑ http://www.picturesofengland.com/windermere/
- ↑ Reid, Jim (2011). Tour of the Lake District. Cicerone Press Limited. s. 66. ISBN 978-1-849-65465-4.
- ↑ «Train Timetables». Transpennine Express. Arkivert frå originalen 26. mars 2016. Henta 22 January 2016.