Caligula av Romarriket
Caligula | |||
| |||
Keisar av Romarriket | |||
Periode | 18. mars 37–24. januar 41 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 31. august 12 i Antium | ||
Fødestad | Antium | ||
Død | 24. januar 41 i Roma (knivstukken) | ||
Dødsstad | Palatinerhøgda | ||
Mor | Agrippina den eldre | ||
Far | Germanicus | ||
Ektefelle | Junia Claudilla, Livia Orestilla, Lollia Paulina, Milonia Caesonia | ||
Barn | Julia Drusilla | ||
Føregangar | Tiberius | ||
Etterfølgjar | Claudius |
Caligula, Gaius Julius Cæsar Augustus Germanicus (31. august 12–24. januar 41), var den tredje keisaren av Romarriket, frå år 31 til 41. Han etterfylgde Tiberius av Romarriket. Namnet «Caligula» tyder 'den litle støvelen'. Han var den tredje keisaren i den julisk-klaudiske ætta. Han vart hugsa som ein despot på grunn av vellivnaden sin, og den sære, degenererte og råe framferda si. Den mest levande skildringa av livet hans er gjeven av historikaren Svetonius. Tacitus vil ikkje eingong nemne han, men det kan òg vere at skildringa hans er borte.
Det fyrste året som romersk keisar var Caligula vellukka. Men etter kvart stod han bak ei rekkje handlingar og ordrar som var både latterlege og skremmande. Han er seinare vorten kjend for å ha vore ein galen, despotisk tyrann. Han vart snikmyrda i 41 etter ei samansverjing av senatorar og fleire av vaktene hans. Caligula vart etterfylgd som keisar av Claudius I av Romarriket (Tiberius Claudius Nero Germanicus).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Caligula av Romarriket» frå Wikipedia på bokmål, den 8. mars 2007.
- Store Norske Leksikon: Caligula
- Barrett, Anthony A.: Caligula: the corruption of power, London 2000. ISBN 0-415-21485-8