Catholic Encyclopedia
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå New Catholic Encyclopedia.
The Catholic Encyclopedia | |||
| |||
Språk | engelsk | ||
---|---|---|---|
Sjanger | ensyklopedi | ||
Utgjeven | 19. april 1913 | ||
Forlag | D. Appleton & Company |
Catholic Encyclopedia, òg kjend som Old Catholic Encyclopedia og Original Catholic Encyclopedia, er eit engelskspråkleg oppslagsverk utgjeve i USA.[1] Det første bindet kom ut i mars 1907 og dei tre siste i 1912, etterfølgd av eit registerbind og seinare supplerande bind. Målet med leksikonet var «å gje lesaren fullstendig og autoritativ informasjon på alt som gjeld katolske interesser, handlingar og doktrinar.»[2][3]
Catholic Encyclopedia blei gjeve ut av Robert Appleton Company, eit forlag danna i New York i februar 1905 med utgjeving av leksikonet som einaste føremål. Dei fem medlemmane i redaksjonskomiteen danna også styret i forlaget. I 1912 blei namnet til forlaget endra til The Encyclopedia Press. I heile levetida til forlaget gav det berre ut dette verket.[4]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Skriveprosessen byrja 11. januar 1905 under leiing av fem redaktørar:
- Charles G. Herbermann, professor i latin og bibliotekar ved City College of New York
- Edward A. Pace, professor i filosofi ved The Catholic University of America i Washington D.C.
- Condé B. Pallen, redaktør
- Thomas J. Shahan, professor i kyrkjehistorie ved Catholic University.
- John J. Wynne, S.J., redaktør av Messenger of the Sacred Heart
Bind | Innhald | Første gong publisert | Sjefredaktør |
---|---|---|---|
1 | Aachen — Assize | 1907 | Charles George Herbermann |
2 | Assize — Brownr | ||
3 | Brow — Clancy | 1908 | |
4 | Cland — Diocesan | ||
5 | Diocese — Fathers | 1909 | |
6 | Fathers — Gregory | ||
7 | Gregory — Infallibility | 1910 | |
8 | Infamy — Lapparent | ||
9 | Laprade — Mass | ||
10 | Mas sitt — Newman | 1911 | |
11 | New Mexico — Philip | ||
12 | Philip — Revalidation | ||
13 | Revelation — Simon Stock | 1912 | |
14 | Simony — Tournely | ||
15 | Tournon — Zwirner |
At Catholic Encyclopedia var i offentlege bibliotek i USA skapte kontroversar. Nativistar protesterte og hevda at detta var i strid med skiljet mellom stat og kyrkje, og dei nådde fram med protestane sine i Belleville i New Jersey.[5]
Nettversjonar
[endre | endre wikiteksten]Amerikanske lovar om opphavsrett seier at alt som er publisert i USA før 1923 er offentleg eigedom. I 1993, i samband med at pave Johannes Paul II vitja Denver i samband med verdsungdomsdagane, bestemte Kevin Knight seg for å starta eit prosjekt for å publisera 1913-utgåva av oppslagsverket på Internett. Knight starta nettstaden New Advent for føremålet. Frivillige frå USA, Canada, Frankrike og Brasil hjelpte til med transkriberinga. Nettstaden blei lansert i 1995, og i 1997 var arbeidet ferdig.[Volumes 1]
I 2007 publiserte Catholic Answers ein vassmerka versjon som blei produsert ved å skanna sidene i originalane.[Volumes 2]
Andre skanna utgåver av oppslagsverket finst på Google Books, ved Internet Archive og Wikimedia Commons. Wikisource har òg eit transkriberingsprosjekt basert på filene som ligg på Commons.
1922-supplementet til oppslagsverket er òg offentleg eigedom, og finst på internett. New Catholic Encyclopedia er òg tilgjengeleg online på nokre bibliotek.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Notar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «The Catholic Encyclopedia». New Advent. Henta 18. oktober 2012.
- ↑ «Original Catholic Encyclopedia». Catholic Answers. Arkivert frå originalen 20. august 2008. Henta 18. oktober 2012.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «The Original Catholic Encyclopedia». El Cajon, California: Catholic Answers. Henta 21. juli 2011.[daud lenkje]
- ↑ Forordet til Catholic Encyclopedia
- ↑ «Scan of "Preface"». El Cajon, California: Catholic Answers. Arkivert frå originalen 22. mai 2010. Henta 18. oktober 2012.
- ↑ «The Making of the Catholic Encyclopedia». The Catholic Encyclopedia and its Makers. New York: The Encyclopedia Press. 1917. s. iii–viii. OCLC 748253.
- ↑ Separation of Church and State, Hamburger, Philip, Harvard University Press (2002), p. 412.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]
Originaltekst av Catholic Encyclopedia ved Wikisource (en). |
- Catholic Encyclopedia - Catholic.com
- Catholic Encyclopedia - New Advent
- Catholic Encyclopedia - Catholicity