Changde
Changde (kinesisk: 常德; pinyin: Chángdé) er eit byprefektur nord i provinsen Hunan i Folkerepublikken Kina, på grensa mot provinsen Hubei. Byprefekturet har eit areal på 18 189 km² og 5 717 218 innbyggjarar i 2010. Av desse budde 1 232 182 menneske i storbyen.
Byprefekturet Changde omfattar to distrikt (区 qū), eitt byfylke (市 shì) og seks fylke (县 xiàn).
Næring
[endre | endre wikiteksten]Byen er eit administrativt senter og ein utskipningsstad for olje, korn, bomull, medisinske urter, tekstilar, lær og foredla matvarer.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Kinas riksveg 207 fører gjennom prefekturet, gjennom fylka Li og Linli og sjølve byen Changde. Denne viktige trafikkåra tek til i Xilinhot i Indre Mongolia nær grensa til Mongolia, går sørover og endar i Hai'an, ein by som ligg i Xuwen fylke sør på Leizhouhalvøya i provinsen Guangdong.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart grunnlagt under Han-dynastiet. Han har elvehamn, og var på 1800-talet ein av dei mange byane som etter opiumskrigane vart tvinga til å opne seg for utanrikshandel.
I 1975 vart Changde hardt råka av tyfonen Nina.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Changde» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mai 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Changde» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2012.