Claus Sellevoll
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Claus Sellevoll | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. mars 1973 (51 år) Alversund |
Yrke | skodespelar |
Nettstad | http://www.claussellevoll.no/om-claus/ |
Claus Sellevoll (fødd 27. mars 1973) er ein norsk artist og skodespelar frå Alversund. Han bur i Bergen og livnærer seg som artist og skodespelar. Dei siste åra har han vore knytt til Hordaland Teater og Sogn og Fjordane Teater («Singel & Sand», «Bikubesong», «Cato og Claus», «Vestlandsrevyen» og « Tyl »). Saman med Olav Stedje, Ragnar Hovland, Finn Tokvam og Halvor Folgerø gjorde han stor suksess i Bergen og dei fire vestlandsfylka med «Vestlandsrevyen» i 2007 og 2008. I 2009 delte Landssamanslutninga av nynorskkommunar ut målprisen til Hordaland Teater for produksjonen «Vestlandsrevyen».
I 2011 var Claus Sellevoll , Olav Stedje, Ragnar Hovland, Finn Tokvam og Halvor Folgerø tilbake med oppfølgjaren ”Vestlandsrevyen II”. ”Vestlandsrevyen er både intelligent og folkeleg – og sameiner det beste frå vestnorske bygderevyar og britisk Monty Python-tradisjon”, var mellom gjetorda frå kritikarane sist karane stod saman på scena.
I 2013 mottok Claus Sellevoll Medaasprisen. Prisen er på 20.000 kroner, samt en bronseplakett av Ivar Medaas laget av skulptør Vidar Mæland. Medaasprisen vert kvart år tildelt ein utøvande kunstnar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og brukar sin lokale dialekt.
I 2014 er Claus Sellevoll og Olav Stedje aktuell med eit teaterstykke om Ivar Medaas på Sogn og Fjordane Teater