Cundinamarcamaurpitta
Cundinamarcamaurpitta | |
Cundinamarcamaurpitta | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Utbreiinga av Cundinamarcamaurpitta | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Maurrikser Formicariidae |
Slekt: | Grallaria |
Art: | Cundinamarcamaurpitta G. kaestneri |
Vitskapleg namn | |
Grallaria kaestneri |
Cundinamarcamaurpitta (Grallaria kaestneri) er ein fugl i maurpittafamilien. Arten er endemisk for Colombia med kjente leveområder på tre mindre areal, totalt 450 km2, i den austlegee skråninga av den austlege fjellkjeda av Andes. Området er i Cundinamarca-departementet, rett aust for Bogotá.[1]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Dette er ein mellomstor maurpitta, 15,5 centimeter i kroppslengd, og kroppsvekt rundt 48 gram. Fjørdrakta til vaksne fuglar er mørk olivenbrun på oversida, lysare underside, strupe-bryst er skildra som skittenkvit med mørke strekar over brystet. Cundinamarcamaurpittaer lever i våt tåkeskog, frå 1800 til 2300 moh.[2] Her lever dei av insekt, edderkoppar og meitemark.
Populasjonen er estimert til i området 500-1 200 individ, og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som sterkt truga, EN.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Krabbe, N.K. & Schulenberg, T.S. (2003). Cundinamarca Antpitta (Grallaria kaestneri) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2015). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 25. september 2015
- BirdLife International (2015) Species factsheet: Grallaria kaestneri Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 25. september 2015
- Referansar