Cypriakreps
Cypriakreps | |
Cypriakreps Foto: Markus Lindholm, Anders Hobæk/Norsk institutt for vassforsking
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Klasse: | Muslingkreps Ostracoda |
Orden: | Podocopida |
Familie: | Candonidae |
Slekt: | Cypria |
Art: | Cypriakreps C. opthalmica |
Vitskapleg namn | |
Cypria opthalmica (Jurine, 1820)
|
Cypriakreps (Cypria opthalmica) er ein brunspreklete muslingkreps med ein stor og tydeleg augeflekk. Skalet har ei lengd på 0,6–0,7 millimeter. Hannar er vanlege hjå arten.
Cypriakreps liknar mykje på Cypria exculpta, men denne er alltid større og har fine stripar i skalet.
Levemiljø
[endre | endre wikiteksten]Cypriakreps kan danna ekstreme konsentrasjonar i dammar utan fisk. Dei lever mellom rotnande lauv, gjerne i område med lite ljos, og kan tola eutrofiering og låge oksygenkonsentrasjonar. Cypriakreps er òg vorte funne på djupner på fleire hundre meter.
Cypriakreps er heller ikkje uvanleg i stilleflytane bekkar og elvar, særleg der det er høgt innhald av detritus.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Arten har ei holarktisk utbreiing. I Noreg er han vanleg på heile Austlandet og langs kysten nordover til Møre, men er so langt ikkje funnen lenger nord.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artikkelen Cypriakreps - Cypria opthalmica skriven av Markus Lindholm. Artikkelen vart utgjeven av Norsk institutt for vassforskning under lisensen CC BY 3.0. Henta 12. juli 2016.