Dag Arnesen
Utsjånad
Dag Arnesen | |||
| |||
Fødd | 3. mai 1950 (74 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bergen | ||
Opphav | Noreg | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | piano | ||
Plateselskap | Gemini Records | ||
Verka som | jazzmusikar, komponist, pianist | ||
Prisar | Buddyprisen, Sildajazzprisen |
Dag Syver Arnesen (fødd 3. mai 1950 i Bergen) er ein norsk jazzpianist og komponist. Han har opprinneleg bakgrunn frå klassisk musikk, men blei etter kvart ein toneangivande pianist i jazzmiljøet i Bergen. I ein periode virka Arnesen også som scenemusikar ved Den Nationale Scene. Frå 1982 har han vore vekselvis busett i Bergen og Oslo, der han har spelt med fleire artistar, mellom andre Susanne Fuhr og Knut Riisnæs, og med eigne grupper. Han skreiv tingingsverket Strøtanker og røde roser til Vossajazz i 1987, og turnerte i 1993 med eit større orkester og eigen musikk inspirert av Edvard Grieg. Album Movin' (1994), Inner Lines (1998) og Time Enough (2004). Dag Arnesen blei tildelt Buddyprisen for 2009.
Utgivingar
[endre | endre wikiteksten]- Ny bris (Odin Records, 1982), eigen musikk, framført med Frank Jakobsen (trommer), Kåre Garnes (bass), Olav Dale (saksofon), Ole Thomsen (gitar) og Per Jørgensen (trompet).
- Renascent (Odin Records, 1989), med Svein Christiansen (trommer) og Bjørn Kjellemyr (bass).
- The Day After (Taurus, 1990), med Bjørn Kjellemyr (bass), Wenche Gausdal (vokal), Odd Riisnæs (saksofon) og Svein Christiansen (trommer).
- Photographs (Taurus Records, 1992), med Svein Christiansen (trommer), Terje Gewelt (bass) og Wenche Gausdal (vokal).
- Movin' (Taurus, 1994), instrumentalplate med Terje Gewelt (bass) og Svein Christiansen (trommer).
- Rusler rundt Grieg (NOPA NN, 1996), med 13-manns orkester.
- Inner Lines (Resonant Music, 1998), med Terje Gewelt (bass) og Svein Christiansen (trommer).
- Time Enough (Resonant Music, 2005), med Terje Gewelt (bass) og Pål Thowsen (trommer).
- Norwegian Song (Resonant Music, 2007), med Terje Gewelt (bass) og Pål Thowsen (trommer).
- Norwegian Song 2 (Resonant Music, 2009), med Terje Gewelt (bass) og Pål Thowsen (trommer).
- Norwegian Song 3 (Losen Records, 2010), med Ellen Andrea Wang (kontrabass) og Pål Thowsen (trommer).
- Grieg, Tveitt & I (Losen Records, 2015)
- Pentagon Tapes (Losen Records, 2017)
Prisar
[endre | endre wikiteksten]- Buddyprisen (2009. Utdelt på Dokkhuset i Trondheim.
- Sildajazzprisen (2003)
- NOPA - Årets verk (1993) for Rusler rundt 152
- Vossajazzprisen 1992
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Dag Arnesen. I: Store norske leksikon, (sist oppdatert 2. desember 2009). Vitja 24. november 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Norsk suksessang, 3. vers. Dagbladet.no - kultur, (26. oktober 2010). * [«Norwegian Song 3» i fin, ny stil. Dagbladet.no - kultur, (28. oktober 2010).
- Dag Arnesen Norwegian Song Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.. Kalleklev.no, (21. desember 2011).