Dei egadiske øyane
Dei egadiske øyane Lokalt namn Isole Egadi | |
---|---|
Utsyn frå Trapani til Favignana og Marettimo. | |
Geografi | |
Stad | Middelhavet |
Koordinatar | 37°58′N 12°12′E / 37.967°N 12.200°E
|
Store øyar | 3
|
Administrasjon | |
Land | Italia |
Region Provins |
Sicilia Trapani
|
Demografi | |
Folketal | 5&nsbp;000
|
Dei egadiske øyane (latin Aegates Insulae; italiensk Isole Egadi) er ei øygruppe av små fjellkledde øyar i Middelhavet, nordvest for Sicilia i Italia, nær byen Trapani.
Favignana (Aegusa) er den største av øyane og ligg 15 km vest for Trapani. Levanzo (Phorbantia) ligg 12 km mot vest, medan Marettimo, kalla Iera Nesos i antikken, ligg 24 km vest for Trapani. Det er òg nokre mindre øyar mellom Favignana og Sicilia.
I 1987 hadde øyane om lag 5 000 innbyggjarar totalt. Hovudnæringa til øybuarane er fiske, og her ligg mellom anna det største tunfiskeriet i Sicilia.
Ein har funne spor etter grottemåleri frå yngre steinalder i grotter på Favigana og Levanzo.
Øyane var åstad for tapet til den kartagesiske flåten for C. Lutatius Catulus i 241 f.Kr. som enda den første punarkrigen.
Øyane høyrte til Pallavicini-familien frå Genova fram til 1874, då dei vart kjøpt av Florio-familien frå Palermo.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Aegadian Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2007.