Det guineanske riksvåpenet
Utsjånad
Det guineanske riksvåpenet blei teke i bruk 23. desember 1993. Riksvåpenet består av eit skjold som er vertikaldelt i to fargar, raudt og grønt. Over skjoldet er ei kvit due med ein olivenkvist. Under skjoldet er eit band med teksten «Travail, justice, solidarité» («Arbeid, rettferd, solidaritet»).
Historisk utvikling
[endre | endre wikiteksten]Det fyrste riksvåpenet blei teke i bruk ved sjølvstendeserklæringa 2. oktober 1958. Skjoldet viste ein gull elefant med løfta snabel. I 1984 overtok ein ny president, Lansana Conté. Han fekk bytta riksvåpenet til eit riksvåpen som bestod av eit skjold med olivengrein, sverd og gevær.[1] I 1993 blei sverdet og geværet fjerna.
-
Riksvåpen 1958–1984
-
Riksvåpen 1984–1993
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Coat of arms of Guinea and the Flag of the President» (på engelsk). Henta 14. august 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Guineas riksvåpen» frå Wikipedia på bokmål, den 9. oktober 2024.