Hopp til innhald

Dingxi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa av Dingxi (gul) i Gansu

Dingxi (kinesisk: 定西市; pinyin : Dìngxī Shì) er eit byprefektur aust i provinsen Gansu i den vestlege delen av Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 20 300 km² og hadde 2 698 622 ibuarar i 2010.

Byprefekturet Dingxi omfattar eitt distrikt (区 ) og seks fylke (县 xiàn).

Prefekturet ligg øvst i Wei He-dalen. I området er gjort ei rekke arkeologiske funn som går tilbake til ulike tidlege steinalderkulturar.

Næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Landbruk og råvarebaserte industriar er grunnleggjande for økonomien i Longnan.

Samferdsle

[endre | endre wikiteksten]

Dingxi er ein stoppestad for toga på Longhaibana, Kinas viktigaste aust/vest-gåande jarnbanelinje, som går frå Lianyungang til Lanzhou via mellom andre Xuzhou, Kaifeng, Zhengzhou, Luoyang og Xi'an.

Kinas riksveg 312 går gjennom området. Han fører frå Shanghai og endar på grensa mot Kasakhstan, og passerer mellom andre Suzhou, Nanjing, Hefei, Xinyang, Xi'an, Lanzhou, Jiayuguan og Urumqi.


Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]