Dykh-Tau
Dykh-Tau | |||
fjell | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Område | Kabardino-Balkaria | ||
Fjellkjede | Kaukasus | ||
Høgd | 5 205 moh. | ||
Primærfaktor | 2 002 m | ||
Koordinatar | 43°3′N 43°8′E / 43.050°N 43.133°E | ||
Dykh-Tau 43°03′09″N 43°07′54″E / 43.0525°N 43.131666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Dykh-Tau |
Dykh-Tau eller Dykhtau (russisk Дыхтау) er eit 5 204 m høgt fjell i Kabardino-Balkaria i Russland, om lag 5 km nord for grensa til Georgia. Fjellet er det nest høgaste i Kaukasus (etter Elbrus), og om ein reknar Kaukasus nord for hovudkammen til Europa, det nest høgaste fjellet i Europa.
Tilkomst
[endre | endre wikiteksten]Dykh-Tau er lettast å nå frå nord (Russland). Ein kan kome til kandsbyen Bezingi frå Naltsjik i Kabardino-Balkaria med offentleg transport. Fjelleiren ved Bezingi ligg 2180 moh. Frå her tar det vidare to dagar for å nå basen. Frå her tar det vidare to dagar å nå basen for å klatre opp fjellet.[1]
Klatreruter
[endre | endre wikiteksten]Dette er ein av dei store toppane i Kaukasus og ligg ved den store Bezingiveggen Bezingibreen. Den første klatringa vart gjort i 1888 av Albert Mummery og Zarfluh. Ruta deira opp sørvestryggen vert ikkje lenger nytta som normalruta, som no er nordryggen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dykh-Tau» frå Wikipedia på engelsk, den 15. september 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Robin Collomb og Andrew Wielochowski (1993). «Caucasus from Elbrus to Kazbek».