Evelyn Glennie
Evelyn Glennie | |||
| |||
Fødd | 19. juli 1965 (59 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Aberdeen, Aberdeenshire | ||
Fødenamn | Evelyn Elizabeth Ann Glennie | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1985– | ||
Instrument | trommesett, marimba, xylofon | ||
Verka som | komponist, perkusjonist, trommeslagar, marimbaspelar, xylofonist | ||
Prisar | kommandør av Order of the British Empire, Polar Music Prize, Companion of Honour, Grammy Award for Best Chamber Music Performance, Grammy Award for Best Classical Instrumental Solo |
Dame Evelyn Elizabeth Ann Glennie,[1] CH, DBE (fødd 19. juli 1965) er ein skotsk perkusjonist. Ho var ein av to vinnarar av Polarprisen i 2015.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Glennie er frå Methlick i Aberdeenshire i Skottland. Folkemusikktradisjonen i Noraust-Skottland var viktig for den musikalske utviklinga hennar. Dei fyrste instrumenta hennar var piano og klarinett.[2] Andre musikalske påverknader var Glenn Gould, Jacqueline du Pré og Trilok Gurtu. Ho var student ved Ellon Academy i Aberdeenshire og ved Royal Academy of Music i London. Ho var med i National Youth Orchestra of Scotland[3] og av Cults Percussion Ensemble, som blei skipa i 1976 av perkusjonslæraren ved skulen hennar, Ron Forbes. Gruppa turnerte og gav ut eit album, som blei gjenutgjeve av Trunk Records i 2012.[4]
Høyrsletap
[endre | endre wikiteksten]Glennie mista høyrsla heilt då ho var 12, etter at denne hadde byrja å bli svekka frå ho var 8.[5] Ho speler ofte berrføtt under konsertar og i innspelingsstudio for å kunna føla musikken.[5]
Ifølgje Glennie er dauve ofte misforstått av allmugen. Ho har forklart at ho har lært seg sjølv å høyra med andre delar av kroppen enn øyrene. Glennie har gjeve ut eit «Hearing Essay» på nettstaden sin der ho skildrar sine erfaringar.[6] Ho har også forklart korleis ho høyrer med ulike delar av kroppen i ei TED-førelesing med tittelen «How To Truly Listen» frå 2003. Ei samling av talane og tekstane hennar er gjevne ut i boka Listen World!.[7]
Virke
[endre | endre wikiteksten]Glennie har turnert over heile verda og opptredd som solist med ei rekkje ulike orkester og musikarar. Ho held meisterklassar og konsultasjonar[8] Ho har også bestilt ei rekkje nye verk for soloperkusjon.[9] Ho opptredde ved opningsseremonien til OL i London i 2012, der ho leia tusen trommeslagarar i opningsstykket And I Will Kiss.
Ho er støttespelar for den veldedige musikkorganisasjonen Sound World. Ho er ambassadør for Sistema Scotland og leiar for organisasjonen Help Musicians. Ho blei utnemnd til Music Rights Champion av International Music Council i oktober 2016.[10]
Evelyn Glennie speler også sekkepipe (Great Highland Bagpipes) og har sitt eige tartanmønster registrert som The Rhythms of Evelyn Glennie.[11] Ho eig over 3 500 perkusjonsinstrument frå heile verda, og utvider stadig samlinga.[12]
Samarbeid
[endre | endre wikiteksten]Glennie tok del på den islandske songaren Björk sitt album Telegram, der ho spelte på duetten «My Spine». Ho var også med på å skriva «Oxygen». Ho har også samarbeidd med fleire andre musikarar, som Steve Hackett, Bela Fleck, Bobby McFerrin, Fred Frith, Mark Knopfler, The King's Singers og Kodō
I 2012 samarbeidde ho med Underworld og Danny Boyle om lydsporet til opningsseremonien ved Sommar-OL 2012 i London, og opptredde live på stadionet der han blei halden.[13]
I 2018 samarbeidde Glennie med Gregory Doran og Royal Shakespeare Company om å skriva musikk til ei oppsetjing av Troilus and Cressida.[14] Same året byrja ho eit samarbeid med den eksperimentelle jazzgruppa Trio HLK, som ho turnerte med[15] og deltok på debutalbumet deira Standard Time.[16]
I 2020 samarbeidde Glennie med musikkorganisasjonen Sound World, som ho skreiv eit nytt stykke for, «The Grace of Silence», til diera Coronavirus Fund for Freelance Musicians. Det blei spelt inn av medlemmer av Bristol Ensemble og gjeve ut av Sound World i januar 2021.[17] Det er opningssporet på albumet Reflections.[18] Glennie skreiv også noko av filmmusikken til Sound of Metal, regissert av Darius Marder. Verka hennar blir gjevne ut av Faber Music.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Royal Philharmonic Society's Best Soloist of the Year 1991
- Best Chamber Music Performance ved Grammyprisen 1989
- Scot of the Year 1982
- Queen's Commendation prize for all round excellence, 1985
- Leonardo da Vinci International Art Award, 1987
- Scotswoman of the Decade, 1990
- Best Studio and Live Percussionist from Rhythm Magazine 1998, 2000, 2002, 2003 & 2004
- Walpole Medal of Excellence, 2002
- Fellowship of the Royal Academy of Music, 2002
- Æresdoktorat frå Heriot-Watt University, 2002 [19]
- Honorary Fellowship frå Homerton College, Cambridge, 2016
- Musical America Instrumentalist of the Year, 2003
- Sabian Lifetime Achievement Award, 2006
- Percussive Arts Society: Hall of Fame – November 2008[1][20]
- Polar Music Prize, 2015[21]
- Best Classical Instrumental Solo in the Grammy Awards of 2014
- Léonie Sonning Music Prize, 2023[22]
Glenia har fått 28 æresdoktorat frå universitet i Storbritannia, blei utnemnd til Officer of the Most Excellent Order of the British Empire (OBE) i 1993 og blei opphøgd til Dame Commander of the Most Excellent Order of the British Empire (DBE) i New Year Honours i 2007.[23] Ho blei utnemnd til Order of the Companions of Honour (CH) ved New Year Honours i 2017.[24]
7. april 2021 blei Evelyn Glennie utnemnd til chancellor for Robert Gordon University etter sir Ian Wood.[25]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Bartók: Sonata for Two Pianos and Percussion / Brahms: Haydn Variations for Two Pianos (Sony Classical, 1988)
- Rhythm Song (RCA Victor, 1990)
- Light in Darkness (RCA Victor, 1991)
- Evelyn Glennie | Dancin (RCA Victor, 1991)
- Rebounds: Concertos for Percussion (RCA Victor, 1992)
- James Macmillan: Veni, Veni, Emmanuel (Catalyst, 1993)
- Last Night of the Proms: The 100th Season (Teldec 1994)
- Wind in the Bamboo Grove (Catalyst, 1995)
- Drumming (Catalyst, 1996)
- The Music of Joseph Schwantner (RCA Victor, 1997)
- Evelyn Glennie: Her Greatest Hits (RCA Victor, 1998)
- Street Songs (RCA Victor, Red Seal, 1998)
- Reflected in Brass: Evelyn Glennie Meets the Black Dyke Band (RCA Victor, Red Seal, 1998)
- Shadow Behind the Iron Sun (Catalyst, 2000)
- Dave Heath: Africa Sunrise/Manhattan Rave (Black Box, 2001)
- Béla Fleck: Perpetual Motion (Sony Classical, 2001)
- UFO: The Music of Michael Daugherty (Klavier, 2001)
- Mark-Anthony Turnage: Fractured Lines (Chandos, 2002)
- Oriental Landscapes (BIS, 2002)[26]
- Christopher Rouse: Der gerettete Alberich / Rapture / Violin Concerto (Ondine, 2004)
- Michael Daugherty: Philadelphia Stories / UFO (Naxos, 2004)
- Philip Glass: The Concerto Project Vol. I (Orange Mountain Music, 2004)
- Margaret Brouwer: Aurolucent Circles / Mandala / Sizzle (Naxos, 2006)
- Touch the Sound (Normal, 2006) – lydspor til filmen av same namn
- Erkki-Sven Tüür: Magma (Virgin Classics, 2007)
- The Sugar Factory (Tzadik, 2007)
- Thea Musgrave: Turbulent Landscapes / Songs for a Winter's Evening / Two's Company (NMC, 2009)
- Experimental Percussion (Audio Network, 2009)
- Steven Stucky: Pinturas de Tamayo (BIS, 2010)
- Winter Wonderland (KPM Music, 2011)
- Ecstatic Drumbeat (BIS, 2012)
- Isles of Wonder (UMC, 2012)
- Cults Percussion Ensemble (Trunk, 2012)
- John Corigliano: Conjurer / Vocalise (Naxos, 2013)
- Altamira (Original Motion Picture Soundtrack) (Virgin EMI, 2016) – lydspor til filmen av same namn
- LOVE, POLITICS, WAR | Yolanda Brown (Black Grape Records, 2017)
- THE SHAMAN | ARCTIC SYMPHONY: Orchestral Music by Vincent Ho (Centrediscs, 2017)
- Mirage? Concertos for Percussion (MCO Records, 2017)
- The Core-tet Project: Improvisations by Evelyn Glennie, Jon Hemmersam, Szilárd Mezei and Michael Jefry Stevens (Naxos, 2018)
- Dreamachine – Michael Daugherty (Naxos, 2018)
- Standard Time – Trio HLK (Ubuntu, 2018)
- Out of the Silence – Orchestral Music by John McLeod (Delphian, 2018)
- RSC Troilus and Cressida: Music and Speeches CD (RSC Recordings, 2018)
- Double Crossings (Audionetwork, 2018)
- One Day Band 17 with Roly Porter (Trestle Records, 2019)
- Reflections: one track – The Grace of Silence – (Sound World, 2021)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Lauren Vogel Weiss. «Percussive Arts Society: Hall of Fame: Evelyn Glennie». Pas.org. Arkivert frå originalen 30. mai 2014. Henta 10 June 2015.
- ↑ Cornwell, Tim (13 May 2009). «Evelyn Glennie Interview: Nothing like this Dame». The Scotsman. Henta 23. september 2017.
- ↑ Campsie, Alison (24 January 2017). «Deaf musician Evelyn Glennie on finding new ways of listening». The Scotsman. Henta 23. september 2017.
- ↑ «Cults Percussion Ensemble». Trunkrecords.com. Arkivert frå originalen 5. oktober 2018. Henta 10. juni 2015.
- ↑ 5,0 5,1 «PBS Interview». PBS. 14 June 1999. Arkivert frå originalen 8. september 2012. Henta 10. juni 2015.
- ↑ Glennie, Evelyn (1993). «Hearing Essay». Arkivert frå originalen (PDF) 10. april 2011. Henta 4 April 2013.
- ↑ Glennie, Evelyn (February 2003), How to truly listen (på engelsk), TED, henta 2. juni 2017
- ↑ «Evelyn – Services». Evelyn Glennie.
- ↑ «Evelyne – Commissions». Evelyn Glennie.
- ↑ «Dame Evelyn Glennie, Ramy Essam and Tabu Osusa nominated IMC Five Music Rights Champions». International Music Council. Henta 19. desember 2020.
- ↑ «Tartan Details – The Scottish Register of Tartans». Tartanregister.gov.uk. 5. februar 2009. Henta 10 June 2015.
- ↑ «BBC Two – What Do Artists Do All Day?, Evelyn Glennie». Bbc.co.uk. 30 October 2014. Henta 10. juni 2015.
- ↑ «A Raucous, Riotous And Audacious Opening Ceremony». NPR. Henta 16. desember 2020.
- ↑ «About the play – Troilus and Cressida – Royal Shakespeare Company». Rsc.org.uk. Henta 21. juni 2018.
- ↑ «Interview: Evelyn Glennie on her experimental new direction with Trio HLK». www.scotsman.com (på engelsk). Henta 24. februar 2021.
- ↑ «You searched for Hlk standaRd time | Evelyn Glennie» (på engelsk). Henta 24 February 2021.
- ↑ «Sound World lockdown music project's first single released». BBC News (på engelsk). 12. februar 2021. Henta 24. februar 2021.
- ↑ «Lockdown album to support freelance musicians released». BBC News (på engelsk). 15 December 2021. Henta 22. januar 2022.
- ↑ «Heriot—Watt University Edinburgh & Scottish Borders: Annual Review 2002». 1.hw.ac.uk. Arkivert frå originalen 13- april 2016. Henta 30 March 2016.
- ↑ «PAS.org: News». Arkivert frå originalen 14 April 2009. Henta 10. juni 2015.
- ↑ «Evelyn Glennie». Polar Music Prize. Henta 11. desember 2022.
- ↑ «Evelyn Glennie receives The Léonie Sonning Music Prize 2023». Léonie Sonnings Musikpris. 29. november 2022. Henta 10. desember 2022.
- ↑ «UK | Rod and Zara top New Year Honours». News.bbc.co.uk. 30. desember 2006. Henta 10 June 2015.
- ↑ «No. 61803». The London Gazette (1st supplement): N27. 31. desember 2016.
- ↑ «Percussionist Dame Evelyn Glennie named new university chancellor». BBC News. Henta 8. april 2021.
- ↑ Andrew MacGregor (2003). «Music Review, Evelyn Glennie». Bbc.co.uk. Henta 27. mai 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Evelyn Glennie» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2023.