Foggia-provinsen
Foggia-provinsen | |||
provins | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Puglia | ||
Hovudstad | Foggia | ||
Areal | 7 190 km² | ||
Folketal | 686 856 | ||
Postnummer | 71100 | ||
Retningsnummer | 881
| ||
Bilnummer | FG | ||
Provinsen Foggia 41°28′00″N 15°34′00″E / 41.466666666667°N 15.566666666667°E | |||
Kart som viser Foggia-provinsen.
| |||
Wikimedia Commons: Province of Foggia |
Foggia (italiensk Provincia di Foggia) er ein provins i regionen Puglia i Italia. Hovudstaden er byen Foggia. Provinsen vert òg kalla Capitanata, opphavleg Catapanata, fordi han i mellomalderen vart styrt av ein katapan, som ein del av Katapanatet i Italia.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Provinsen Foggia kan delast i to delar. Den eine ligg rundt hovudstaden Foggia og vert kalla Tavoliere og den andre er «sporen» på den italienske «støvelen» og vert kalla Gargano.
Tavoliere er eit lågland der det vert drive jordbruk (sitrusfrukt, oliven, kveite, tomat).
Gargano er dei halvøy som delvis er kledd med fjell og delvis med skogen Foresta Umbra som har vegetasjon som er typisk for Sentral-Europa og er den einaste gjenverande skogen i Italia som var ein del av den eldgamle skogen som dekte store delar av Europa. Kysten av Gargano har mange strender og turiststader. I nord ligg to store saltsjøar, Lesinasjøen og Varanosjøen. Her vert òg produsert oliven og olivenolje.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Han har eit areal på 7 190 km² og totalt 686 856 innbyggjarar (2005). Det er 64 kommunar i provinsen. I 2009 vil talet på kommunar reduserast til 61 då tre av kommunane med totalt 41 394 innbyggjarar (2005) vert ein del av den nye provinsen provinsen Barletta-Andria-Trani. Dei tre kommunane er Margherita di Savoia (12 749), San Ferdinando di Puglia (14 457) og Trinitapoli (14 414). (Dei sju andre kommunane vil kome frå provinsen Bari.) Ut frå 2005-tala vil provinsen Foggia då stå att med 645 236 innbyggjarar.
Største kommunane
[endre | endre wikiteksten]Stand: 31. mai 2005
Kommune | Folketal |
---|---|
Foggia | 154 295 |
Cerignola | 57 882 |
Manfredonia | 57 467 |
San Severo | 55 740 |
Lucera | 35 668 |
San Giovanni Rotondo | 26 464 |
Orta Nova | 17 900 |
Torremaggiore | 17 009 |
Sannicandro Garganico | 16 849 |
San Marco in Lamis | 15 258 |
Monte Sant'Angelo | 13 643 |
Apricena | 13 639 |
Vieste | 13 605 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Province of Foggia» frå Wikipedia på engelsk, den 15. desember 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Foggia portal Arkivert 2006-05-18 ved Wayback Machine.