Hopp til innhald

Fuglsetfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fuglsetfjorden
fjord
Føsundbrua over Fuglsetfjorden.
Foto: Frode H. Korneliussen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Høyanger
Kart
Fuglsetfjorden
61°05′54″N 5°49′57″E / 61.0983°N 5.83236694°E / 61.0983; 5.83236694

Fuglsetfjorden er ein fjordarm på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune. Han strekkjer seg 8 km inn til bruket Førde i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Krossen i vest og Eidesberget i aust ved foten av Seglet som stig bratt opp til 751 moh. Rett sør for Eidesberget går den vetle Eiesfjorden inn til Søreide. Fuglsetfjorden går vidare sørover mellom Kroppefjellet (679 moh) og Leirnesstøken (643 moh) som begge stupar ned i fjorden på kvar si side. Nedanfor Kroppefjellet på vestsida ligg bygda Bjordal. Rett sør for Bjordal ligg grendene Hest og Osland og her går det bru over fjorden med ei lengd på om lag 200 meter langs Fylkesveg 5586. Frå her går fjorden to km vidare sørover til Førde.

Fv5586 går langs vestsida av fjorden frå Osland og nordover, medan Fylkesveg 5442 går langs heile austsida.