Fyrstedømet Transilvania
Fyrstedøme Transilvania | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Hovudstad | Gyulafehérvár(Alba-Iulia) 1570-1692 Hermannstadt(Sibiu) 1692-1711 | ||||
Språk | Latinsk (i administrasjon, vitskap og politikk); ungarsk, tysk, rumensk, rutensk (folkespråk). | ||||
Religion | Romers-katolsk, kalvinisme, lutheranisme, austleg ortodoks, gresk-katolsk, unitarisme, jødedøm | ||||
Styreform | Fyrstedøme | ||||
Transilvanske herskarar | |||||
- 1570-1571 | Johan II Sigismund Zápolya (første) | ||||
- 1704-1711 | Frans II Rákóczi (siste) | ||||
Historie | |||||
- Oppretta | 1570 | ||||
- Freden i Karlowitz | 1699 | ||||
- Opphøyrde | 1711 |
Fyrstedøme Transilvania var ein delvis sjølvstendig stat, hovudsakleg styrt av ungarske fyrstar.[1][2][3][4][5][6] Som delvis sjølvstendig stat eksisterte fyrstedømet frå 1570 til 1711. Fram til det tyrkiske nederlaget i den store tyrkiske krigen (1683-1697), var det ein vasallstat under Det osmanske riket. Etter freden i Karlowitz (1699), vart det ein vasallstat i Habsburgmonarkiet.
Det austungarske kongedømet og familien Zápolya
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Det austungarske kongedømet.
Den 29. august 1526 slo armeen til sultan Süleyman I av Det osmanske riket ein ungarsk styrke i det avgjerande slaget ved Mohács. Johan Zápolya var på veg til slagmarka med ein stor arme, men deltok av ukjende årsaker ikkje. Den unge kong Ludvig II av Ungarn og Böhmen fall i slaget og det same gjorde mange av soldatane hans. Då Zápolya vart vald til konge av Ungarn, gjorde òg Ferdinand frå Huset Habsburg krav på trona i Ungarn. I den påfølgjande striden vann Johan Zápolya støtte hos sultan Süleyman, som etter han døydde i 1540 okkuperte Buda og det sentrale Ungarn i 1541 med påskot om å verne sonen til Zápolya, Johan II. Ungarn var no delt i tre: det vestlege og nordlege Kongelege Ungarn, Osmansk Ungarn og Det austungarske kongedømet som var underlagt osmanarane, som seinare vart Fyrstedømet Transilvania og som austerrikarane og tyrkarane kjempa om i nesten to hundreår. Dei ungarske magnatane i Transilvania spelte eit politisk dobbeltspel for å sikre seg sjølvstende.
Transilvania var no utanfor katolsk styresmakt, slik at lutheranismen og kalvinismen kunne bløme. I 1563 vart Giorgio Blandrata utpeikt som hofflækjar og dei radikale religiøse ideane hans påverka både den unge kong Johan II og den kalvinistiske biskopen Francis David,[8] og begge konverterte etter kvart til anti-trinitarianar (unitar) tru. I ein formel offentleg disputt, SIGRA Francis David over den kalvinistiske Peter Melius og i 1568 vart det formelt innført religionsfridom under ediktet i Turda (det første i sitt slag i det kristne Europa).
Fyrstedømet Transilvania
[endre | endre wikiteksten]Báthory-familien, som kom til makta då Johan II døydde i 1571, regjerte Transilvania som fyrstar under osmanarane, og ei kort stund under Habsburg, fram til 1602. Samstundes med at dei kom til makta kan ein rekne Fyrstedømet Transilvania som ein delvis sjølvstendig stat.
Den yngre Stefan Báthory, den første mektige fyrsten i det sjølvstendige Transilvania,[8] ein ungarsk katolikk som seinare vart konge under namnet Stefan Bathory av Polen,[8] ønskte å oppretthalde religionsfridomen frå ediktet i Turda, men tolka dette i ein snever forstand. I den seinare perioden under Báthory-styret vart Transilvania under Sigismund Báthory -fyrste i Det tysk-romerske riket-[8] med i den lange krigen, som starta som ein kristen allianse mot tyrkarane og vart ein fire-sida konflikt som involverte Transilvania, Habsburgmonarkiet, osmanarane og voivoden av Valakia, Mikael den modige. Etter 1601 kom fyrstedømet for ei kort stund under styret til Rudolf I som starta ei germanisering av folkesetnaden og ein motreformasjon for å gjere fyrstedømet katolsk att. Frå 1604-1606 klarte den ungarske adelsmannen Stefan Bocskay å slå austerrikarane i eit opprør. Bocskay var vald til fyrste av Transilvania den 5. april 1603 og fyrste av Ungarn to månader seinare. Han klarte å få i stand Freden i Wien i 1606.[8] Med freden i Wien fekk Bocskay religionsfridom og politisk sjølvstyre, og attende alle konfiskerte eigedomar, ei tilbakekalling av alle «urettferdige» kjenningar, og ein totalt tilbakeverkande amnesti for alle ungararar i Kongelege Ungarn, samt at han sjølv vart respektert som ein sjølvstendig fyrste i det no større fyrstedømet Transilvania. Med freden i Wien i 1606 var transilvanarane no garantert retten til å velje sine eigen sjølvstendige fyrstar, men Georg Keglević, som var øvstkommanderande, general, vise-ban av Kroatia, Slavonia og Dalmatia, var sidan 1602 baron i Transilvania. Det var ein vanskeleg og komplisert fredsavtale etter ein lang krig.
Under etterkomarane til Bocskay hadde Transilvania gullalderen sin, særleg under regjeringstida til Gábor Bethlen og George I Rákóczi. Gábor Bethlen, som regjerte frå 1613 til 1629, hundra alle forsøk frå keisaren om å undertrykke eller omvende folket hans, og vann rykte utanlands som ein som kjempa for protestantismen. Tre gonger erklærte han krig mot keisaren, og to gonger vart han erklært konge av Ungarn, og med Freden i Nikolsburg (31. desember 1621) fekk han stadfestar freden i Wien for protestantane, og for seg sjølv fekk han sju nye fylke i det nordlege Ungarn. Etterfylgjaren til Bethlen, George I Rákóczi, hadde like stor suksess. Den største handlinga hans var freden i Linz (16. september 1645), den siste politiske triumfen for ungarsk protestantisme, der keisaren vart tvungen til å igjen stadfeste vilkåra i freden i Wien. Gabriel Bethlen og George I Rákóczi gjorde òg mykje for utdanninga og kulturen i fyrstedømet, og regjeringstidene deira er vorte kalla den transilvanske gullalderen. Dei nytta store summar på hovudstaden sin Alba Iulia, som vart den største skansen for protestantismen i Aust-Europa. Under regjeringstida deira var Transilvania òg ein av dei få europeiske statane der katolikkar, kalvinistar, lutheranarar og unitarar levde i fred med kvarandre.
Då Nagyvárad fall (1660) starta nedgangstida for fyrstedømet Transilvania og dei habsburgske monarkane fekk stadig meir kontroll over området. Under fyrst Kemeny, erklærte riksdagen i Transilvania at dei skilde seg ut frå osmanarane (april 1661) og bad Wien om hjelp, men ein løynd habsburgsk-osmansk avtale førte til at habsburgarane fekk enno større kontroll. Etter at osmanarane tapte i slaget ved Wien i 1683, starta habsburgarane gradvis å ta over det tidlegare sjølvstendige Transilvania. Mot slutten av 1600-talet var Transilvania slått saman med det habsburg-kontrollerte Ungarn[9][10] og direkte underlagt guvernørane til keisaren. Frå 1711 og frametter stadfesta Habsburg kontrollen over Transilvania og fyrstane av Transilvania vart erstatta av guvernørar.
Transsylvaniens regenter:
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Principality of Transylvania (1570–1711)» frå Wikipedia på engelsk, den 19. januar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Helmut David Baer (2006). The struggle of Hungarian Lutherans under communism. Texas A&M University Press. s. 36–. ISBN 9781585444809. Henta 20. januar 2012.
- ↑ Eric Roman (2003). Austerrike-Hungary & the successor states: a reference guide from the Renaissance to the present. Infobase Publishing. s. 574–. ISBN 9780816045372. Henta 20. januar 2012.
- ↑ J. Atticus Ryan; Christopher A. Mullen (1998). Unrepresented Nations and Peoples Organization: yearbook. Martinus Nijhoff Publishers. s. 85–. ISBN 9789041110220. Henta 14. juli 2011.
- ↑ Iván Boldizsár (1987). NHQ; the new Hungarian quarterly. Lapkiadó Pub. House. s. 41. Henta 14. juli 2011.
- ↑ Marskalkl Cavendish (2009). «Greece and the Eastern Balkans,». World and Its Peoples: Europe 11. Marskalkl Cavendish. s. 1476. ISBN 9780761479024. Henta 20. januar 2012.
- ↑ Paul Lendvai (2003). The Hungarians: a thousand years of victory in defeat. C. Hurst. s. 106–. ISBN 9781850656739. Henta 14. juli 2011.
- ↑ A Land Study: Hungary. Federal Research Division, Library of Congress. Henta 20. januar 2012.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 Richard Bonney, D. J. B. Trim, David J. B. Trim, Persecution and pluralism: Calvinists and religious minorities in early modern Europe, 1550-1700, Peter Lang, 2006 [1]
- ↑ Transilvania. (2011). In Encyclopædia Britannica. Henta frå http://www.britannica.com/EBchecked/topic/603323/Transylvania
- ↑ Transylvania; The Columbia Electronic Encyclopedia® Copyright © 2007, Columbia University Press. Licensed from Columbia University Press. All rights reserved. www.cc.columbia.edu/cu/cup/