Sadr
Observasjonsdata Epoke J2000 Ekvinoks J2000 | |
---|---|
Stjernebilete | Svana |
Rektascensjon | 20h 22m 13.70184s[1] |
Deklinasjon | +40° 15′ 24.0450″[1] |
Karakteristikk | |
Spektralklasse | F8 Iab[2] |
U−B fargeindeks | +0.54[3] |
B−V fargeindeks | +0.67[3] |
Variabel type | Pulsating |
Astrometri | |
Radialsnøggleik (Rv) | -7.5[4] km/s |
Parallakse (π) | 1.78 ± 0.27[1] mas |
Avstand | ca. 1 800 ly (ca. 560 pc) |
Absolutt storleiksklasse (MV) | -6.12 |
Detaljar | |
Masse | 12.11 ± 0.71[5] M☉ |
Radius | 150 ± 80[2] R☉ |
Luminositet (bolometrisk) | 33,023[5] L☉ |
Overflategravitasjon (log g) | 1.02 ± 0.10[6] cgs |
Temperatur | 5790 ± 100[6] K |
Rotasjonssnøggleik (v sin i) | 15[7] km/s |
Alder | 1.2 × 107[6] år |
Andre namn | |
Databasereferanse | |
SIMBAD | data |
Sadr eller Gamma Cygni (γ Cyg, γ Cygni) er ei stjerne nord i stjernebiletet Svana, som dannar krysset i asterismen av dei fem stjernene kalla Nordkrossen.
Sadr har ein tilsynelatande storleiksklasse på 2,23,[3] og er av dei meir lyssterke stjernene på nattehimmelen. Parallaksemålingar har gjeve eit estimat på avstanden til stjerna på 1800 lysår (560 parsec), med ein feilmargin på 15 %.[1] Spektralklassen til stjerna er F8 Iab, som indikerer at ho er ei superkjempe. Sidan 1943 har spekteret til denne stjerna vore eit stabilt ankerpunkt som andre stjerner vert klassifisert etter.[8]
Samanlikna med sola er dette ei enorm stjerne som er 12 gonger solmassen og kring 150 gonger solradien.[5] Ho stråler meir enn 33 000 gonger så mykje energi som sola med ein effektiv temperatur på 6 100 K i den ytre envelopen.[5] Temperaturen gjev stjerna ein gulkvit farge som gjer ho til ei klasse F-stjerne. Massive stjerner som denne brenn kjernebrenselet raskare enn sola, så den estimerte alderen er berre kring 12 millionar år.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gamma Cygni» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juli 2016.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 van Leeuwen, F. (November 2007). «Validation of the new Hipparcos reduction». Astronomi and Astrophysics 474 (2): 653–664. Bibcode:2007A&A...474..653V. arXiv:0708.1752. doi:10.1051/0004-6361:20078357.
- ↑ 2,0 2,1 Gray, David F. (November 2010), «Photospheric Variations of the Supergiant γ Cyg», The Astronomical Journal 140 (5): 1329–1336, Bibcode:2010AJ....140.1329G, doi:10.1088/0004-6256/140/5/1329
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Johnson, H. L.; et al. (1966), «UBVRIJKL photometry of the bright stars», Communications of the Lunar and Planetary Laboratory 4 (99), Bibcode:1966CoLPL...4...99J
- ↑ Evans, D. S. (June 20–24, 1966), Batten, Alan Henry; Heard, John Frederick, red., The Revision of the General Catalogue of Radial Velocities, University of Toronto: International Astronomical Union, Bibcode:1967IAUS...30...57E
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 Hohle, M. M.; Neuhäuser, R.; Schutz, B. F. (April 2010), «Masses and luminosities of O- and klasse B-stjerner and raud superkjempes», Astronomische Nachrichten 331 (4): 349, Bibcode:2010AN....331..349H, arXiv:1003.2335, doi:10.1002/asna.200911355
- ↑ 6,0 6,1 6,2 6,3 Lyubimkov, Leonid S.; et al. (February 2010), «Accurate fundamental parameters for A-, F- and G-type Supergiants in the solar neighbourhood», Monthly Notices of the Royal Astronomical Society 402 (2): 1369–1379, Bibcode:2010MNRAS.402.1369L, arXiv:0911.1335, doi:10.1111/j.1365-2966.2009.15979.x
- ↑ Bernacca, P. L.; Perinotto, M. (1970). «A catalogue of stellar rotasjonal velocities». Contributi Osservatorio Astronomico di Padova in Asiago 239 (1). Bibcode:1970CoAsi.239....1B.
- ↑ Garrison, R. F. (desember 1993), «Anchor Points for the MK System of Spectral Classification», Bulletin of the American Astronomical Society 25: 1319, Bibcode:1993AAS...183.1710G, arkivert frå originalen 25. juni 2019, henta 13. juni 2016
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sadr Arkivert 2008-07-04 ved Wayback Machine. av Jim Kaler.
- http://www.atlasoftheuniverse.com/nebulae/ic1318.html
- Astronomi Picture of the Day: Gamma Cygni, NASA, 9. juli 2013