Hopp til innhald

Garottering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Garotteringgsstol frå torturmuseet i Freiburg im Breisgau.

Garottering er ein avrettingsmetode som mellom anna vart bruka i Spania, så seint som på slutten av Franco sitt fascistiske diktatur. Metoden går ut på at ein slags krage med ein skru blir festa til halsen på den dødsdømde. Skruen blir skrudd til, slik at offeret gradvis blir kvelt, eller nakken til slutt blir knekt.