Hopp til innhald

Glad All Over av The Dave Clark Five

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Glad All Over
Studioalbum av The Dave Clark Five
Språk engelsk
Utgjeve Mars 1964
Sjanger
Selskap Epic
Produsent Dave Clark
Amerikansk The Dave Clark Five-kronologi 
Glad All Over The Dave Clark Five Return!
(1964)
Singlar frå Glad All Over
  1. «Glad All Over»
    Utgjeve: Februar 1964
  2. «Bits and Pieces»
    Utgjeve: April 1964
  3. «Do You Love Me»
    Utgjeve: Mai 1964

Glad All Over er debutalbumet til den engelske rockegruppa The Dave Clark Five. Epic Records gav ut albumet i mars 1964 i USA for å utnytte suksessen til tittelsporet . Trass i at plateomslaget seier «Featuring Bits and Pieces», vart ikkje singelen ein hit før to månader seinare. Albumet inneheld somme av hittane deira, som «Glad All Over», «Bits and Pieces» og «Do You Love Me». I Canada vart albumet gjeve ut som Bits and Pieces på Capitol Records.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars

I meldinga si for AllMusic skreiv Richie Unterberger «Det første albumet til The Dave Clark Five kan verke litt tynt når ein ser bort frå at det var blant det aller første som kom i den britiske bølgja. På den tida var det ein ganske så frodig vinyl som rocka ganske hardt og sette tre singlar inn på Topp 10. Det inneheld eit par bra, men ikkje veldig bra songar som ikkje kom med på samleplater: «I Know You», «Twist and Shout»-etterlikninga «No Time to Lose» og den overraskande rå instrumentalen «Chaquita», ein inversjon av «Tequila». Det er definitivt blant dei beste albuma deira, men det tyder ikkje at det er så veldig bra av den grunn.»[1]

Alle songar er skrivne av Dave Clark og Mike Smith, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Glad All Over»2:43
2.«All of the Time»2:14
3.«Stay» (Maurice Williams)2:06
4.«Chaquita»2:12
5.«Do You Love Me» (Berry Gordy jr.)2:20
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Bits and Pieces»1:56
7.«I Know You» (Dave Clark, Lenny Davidson)1:58
8.«No Time to Lose»2:02
9.«Doo Dah» (Dave Clark, Ron Ryan)2:21
10.«Time» (Dave Clark, Lenny Davidson)2:17
11.«She's All Mine» (Dave Clark)2:11

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

The Dave Clark Five