Grimms lov
Grimms lov (òg kjend som den germanske lydforskyvinga[1]) var den første ikkje-trivielle, systematiske lydendringa som nokosinne vart oppdaga. Oppdaginga av loven utgjorde eit vendepunkt i utviklinga til språkvitskapen, i det han innførte strenge metodar i den språkhistoriske forskinga. «Lova» vart oppdaga av Friedrich von Schlegel i 1806 og Rasmus Rask i 1818, men vart omarbeidd i 1822 av Jacob Grimm, den eldste av brørne Grimm, i hans Deutsche Grammatik. Loven fastslår at det finst samband mellom germanske lukkelydar og frikativar og lukkelydane i andre indoeuropeiske språk.
Slik han er formulert i dag, skildrar Grimms lov utviklinga av nedarva urindoeuropeiske lukkelydar i urgermansk. Han består av tre delar som må vurderast som tre påfølgjande fasar i ei utviklingskjede.[2]
- Urindoeuropeiske ustemte lukkelydar vert til ustemte frikativar.
- Urindoeuropeiske stemte lukkelydar vert ustemte.
- Urindoeuropeiske stemte, aspirerte lukkelydar mistar aspirasjonen og vert til stemte lukkelydar.[3].
Utviklingskjedene kan representeres slik (i rekkefølgen 3, 2, 1 fra lista over):
Detaljar
[endre | endre wikiteksten]Fase | Forandring | Germanske (forandra) ekempel | Ikkje-germanske (uforandra) nærskylde ord |
---|---|---|---|
1 | p→f | Norsk: fot, nederlandsk: voet, tysk: Fuß, gotisk: fōtus, islandsk: fótur, dansk: fod, engelsk foot | Gammalgresk: πούς (pūs), latin: pēs, sanskrit: पाद (pādå) litauisk: pėdå |
t→þ | Norsk: tredje, gammalhøgtysk: thritto, gotisk: þridja, islandsk: þriðji, engelsk: third | Gammalgresk: τρίτος (tritos), latin: tertius, gælisk treas litauisk: trys | |
k→h | Norsk: hund, nederlandsk: hond, tysk: Hund, gotisk: hunds, islandsk, færøysk: hundur, engelsk: hound | Gammalgresk: κύων (kýōn), latin: canis, gælisk cú | |
*kʷ→hw | Norsk: kva, gotisk: ƕa, nederlandsk: wat, islandsk hvað, dansk hvad, engelsk: what | latin: quod, gælisk ciod | |
2 | b→p | Engelsk: peg | Latin: baculum |
d→t | Norsk: ti, nederlandsk: tien, gotisk: taího, islandsk: tíu, svensk: tio, engelsk: ten | Latin: decem, gælisk deich, litauisk: dešim | |
g→k | Norsk: kald, nederlandsk: koud, tysk: kalt, islandsk: kaldur, dansk: kold, svensk: kall, engelsk: cold | Latin: gelū | |
*gʷ→kw | Norsk: kvik, gotisk: qius, islandsk: kvikur, engelsk: quick | Latin: vivus «levande», gresk: βίος (bios) «liv», gælisk: beò «levande», litauisk: gyvas, guvus | |
3 | *bʰ→b | Norsk: bror, nederlandsk: broeder, tysk: Bruder, gotisk: bruþar, islandsk: bróðir, dansk, svensk: broder, engelsk: brother | Gammalgresk: φρατήρ (phrātēr), sanskrit: भ्राता (bhrātā), litauisk: brolis |
*dʰ→d | Norsk: dør, frisisk: doar, nederlandsk: deur, gotisk: dåúr, islandsk: dyr, svensk: dörr, engelsk: door, | Gammalgresk: θύρα (thýra) | |
*gʰ→g | Norsk: gås, frisisk: goes, nederlandsk: gans, tysk: Gans, islandsk: gæs, færøysk: gás, engelsk: goose, | Gammalgresk: χήν (khēn) | |
*gʷʰ→gw | Norsk: varm, frisisk: waarm, nederlandsk: warm, tysk: warm, islandsk: varmur, engelsk: warm, | Gammalgresk: θερμός (thermós), sanskrit: gharmá-, avestisk: garəmó, gammelprøyssisk: gorme |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Bjorvand, Harald; Lindeman, Fredrik Otto (2000). Våre arveord : etymologisk ordbok. Novus. s. 10–11. ISBN 82-7099-319-0. OCLC 45757561.
- ↑ Ringe, Donald A. (2006). «3.2.4». A linguistic history of English - Volume 1: From Proto-Indo-European to Proto-Germanic. Oxford University Press. s. 93–94. ISBN 978-0-19-955229-0. OCLC 69241395. «It remains unclear whether Grimm's Law was in any sense a unitary natural sound change or a series of changes that need not have occurred together. [...] Grimm's Law is most naturally presented as a sequence of changes that counterfed each other.»
- ↑ Ringe, Donald A. (2008). «3.2.4». A linguistic history of English - Volume 1: From Proto-Indo-European to Proto-Germanic. Oxford University Press. ISBN 978-0-19-955229-0. OCLC 69241395.
- Denne artikkelen bygger på «Grimms lov» frå Wikipedia på bokmål, den 15. september 2019.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Brugmann, Karl og Berthold Delbrück 1886-1916: Grundriß der vergleichenden Grammatik der indogermanischen Sprachen.
- Bynon, Theodora 1977: Historical Linguistics Cambridge University Press. ISBN 0-521-29188-7