Gunnulf Kleveland
Gunnulf Kleveland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. juni 1907 Evje |
Død |
14. januar 1993 (85 år) |
Yrke | omsetjar |
Gunnulf Kleveland (13. juni 1907–14. januar 1993)[1] var ein norsk filolog og lektor.[2]
Bakgrunn og karriere
[endre | endre wikiteksten]Gunnulf Kleveland var son av bonden Olav Nilsson Kleveland (1841–1934) og Gunhild Torgeirsdotter Åneland (1870–1962).[2] Han tok examen artium i 1928 og vart cand. philol. frå Universitetet i Oslo med latin og tysk som sidefag og norsk hovudfag i 1936. Han arbeidde som lærar og lektor ved Sarpsborg kommunale høyere almenskole frå 1937 til 1951, med eit avbrot frå 1947 til 1949, då han var lektor i norsk ved Stockholms högskola og reiselektor for Foreningen Norden i Sverige. Frå 1951 var han lektor ved Drammen offentlige høyere almenskole.[2]
Kleveland var oppteken av å ta vare på Setesdals-tradisjon. Han skreiv ned «Bryllupsmarsj» etter Knut Kleveland, ein folketone frå Evje. Bruresmarsjen er arrangert for orgel av Eilert Magnus Hægeland som òg framførte han på fleire konsertar.[3] Folkemusikken i Setesdal kom i 2019 inn på SNs liste over immateriell kulturarv.[4] Gjennom å skrive ned bruremarsjen frå Evje har Kleveland vore med på arbeidet med å tryggje denne immaterielle kulturarven. Kleveland har òg skrive ned minne om ferdsel langs landevegen i Evje på byrjinga av 1900-talet i teksta «Langs ein landeveg» i Jol i Setesdal 1974.[5][6]
Kleveland gav ut eit par skolebøker for latinfaget i den vidaregåande skulen og omsette Plautus' Skrømtet (Mostellaria) til norsk (1982).[7][8]
Kleveland var styremedlem i Studentmållaget i Oslo hausten 1935.[9] Han var formann i Pedagogisk forening i Sarpsborg 1945–1947, og i 1952 vart han formann i Drammen lokallag av Foreningen Norden. Han var riddar av Filologisk Forening ved Universitetet i Oslos orden Den gylne ugle.[10][2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 19. november 2021
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Studentene fra 1928. Oslo. 1953. s. 193.
- ↑ «Tysdagssending i Valle Radio 20170905 – Setesdalswiki». Arkivert frå originalen 19. november 2021. Henta 8. september 2020.
- ↑ «UNESCO - Practice of traditional music and dance in Setesdal, playing, dancing and singing (stev/stevjing)» (på engelsk). Henta 14. september 2020.
- ↑ «Jol i Setesdal 1974 – Setesdalswiki». Arkivert frå originalen 19. november 2021. Henta 8. september 2020.
- ↑ Gunnulf Kleveland (1974). «Langs ein landeveg». Jol i Setesdal 1974: 23–25.
- ↑ «Latinsk stiløving : versjon og retroversjon - Nasjonalbiblioteket». Henta 14. september 2020.
- ↑ «Kontrollspørsmål til romersk kulturhistorie» (på norsk). Henta 14. september 2020.
- ↑ Studentmållaget i Oslo 50 år. Oslo. 1952. s. 183. Oslo. 1952. s. 183.
- ↑ Ekrheim, Helga Sverdrup (1950). Norges filologer og realister. Stavanger:. Stavanger.
- Denne artikkelen bygger på «Gunnulf Kleveland» frå Wikipedia på bokmål, den 20. november 2021.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Publikasjonar av Gunnulf Kleveland i BIBSYS