Høgsterett
Utsjånad
Høgsterett er nemninga på den høgste rettsinstansen i ein del politiske einingar, som til dømes statar, delstatar eller land. Døme på land med Høgsterett er USA og Noreg.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]Eksistensen av og avgjerdsmakta til høgsterett er heimla i Grunnlova § 88 som seier at «Høiesteret dømmer i sidste Instans», eller i moderne nynorsk språkdrakt «Høgsterett dømmer i siste instans».[1]
Prosessreglar og samansetjing er gjevne i Grl. kap. D, og elles i domstollova og straffeprosesslova.
Høgsterett har etter konstitusjonell sedvanerett rett til å prøve om lovvedtak strir mot den norske grunnlova. Denne sedvaneretten er dels inspirert av tilsvarande prøvingsrett i USA.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Kongeriket Noregs grunnlov - Lovdata», lovdata.no, henta 17. januar 2021