Hallgrim Berg
Utsjånad
Hallgrim Berg | |||
Fødd | 28. januar 1945 (79 år) Ål | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, lektor, folkemusiker, forfattar, forretningsdrivande, plateartist | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Ektefelle | Maria Høgetveit Berg | ||
Barn | Borgar Høgetveit Berg, Sigrun Høgetveit Berg | ||
Medlem | Europarådets parlamentarikerforsamling | ||
Alle verv |
|
Hallgrim Berg (fødd 28. januar 1945) er ein norsk Høgre-politikar frå Ål i Buskerud. Han vart innvald på Stortinget frå Buskerud i 1981.
Berg var vararepresentant på Stortinget i periodane 1977–1981, 1981–1985 og 1997–2001. Hallgrim Berg har vore aktiv målmann i mange år, og sat i arbeidsutvalet til Noregs Mållag frå 1968 til 1970, og har vore leiar i Ål og Torpo Mållag. Han er gift med Maria Høgetveit Berg.
Hallgrim Berg er og ein god utøvar på munnharpe og seljefløyte, og ein god dansar. Han har gjeve ut fleire plater med tradisjonsstoff frå Ål, og skrive fleire bøker og artiklar om folkemusikken i Hallingdal (mellom anna ein utførleg biografi om spelemannen Odd Bakkerud).
Stortingskomitéar
[endre | endre wikiteksten]- 1981–1985, 1985–1989 og 1989–1993: Medlem i Kyrkje- og undervisningskomitéen
- 1985–1989: Varamedlem i Valkomitéen
- 1989–1993: Medlem i Samferdslekomitéen
- 1993–1997: Medlem i Familie-, kultur- og administrasjonskomitéen