Helge Jordal
Utsjånad
Helge Jordal | |||
Helge Jordal i rolla som Solve Skald | |||
Fødd | 17. februar 1946 (78 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bergen | ||
Verka som | skodespelar, fjernsynsskodespelar | ||
Ektefelle | Frøydis Armand | ||
Born | Matias Armand Jordal | ||
Prisar | riddar av St. Olavs Orden, Pernillestatuetten, Amandaprisen for beste mannlige hovedrolle, Amandakomiteens ærespris |
Helge Jordal (fødd 17. februar 1946) er ein bergensk skodespelar som er kjend for tolkinga si av Jeppe på bjerget og i norske filmar som Orions Belte.
Jordal er framleis aktiv på scena. Han spelte Jeronimus i Holbergs Maskerade haust- og vårsesong 2009-2010.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]Helge Jordal vann Amandaprisen i klassen beste mannlege hovudrolle i 1985 for rolla hans i Orions belte. I 2009 vann han òg Amandaprisen sin heiderspris saman med Kjersti Holmen og Sverre Anker Ousdal
Kong Harald V utnemnde den 8. juni 2006 Helge Jordal til riddar av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden. Han fekk utmerknaden for den lange og omfattande skodespelarkarrieren hans. Sjølve overrekkinga fann stad 20. juni 2006 i Den Nationale Scene Jordal sin heimby, Bergen.