Hertugdømet Milano
Ducato di Milano Ducatus Mediolani Hertugdømet Milano | ||||
Statar i Det tysk-romerske riket | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Hertugdømet Milano (grønt) i 1400 (då det var på sitt største). | ||||
Hovudstad | Milano | |||
Språk | Vestlombardisk - italiensk | |||
Religion | Romersk-katolsk | |||
Styreform | Fyrstedøme | |||
Hertug | ||||
- 1395–1402 | Gian Galeazzo Visconti | |||
- 1792–1797 | Keisar Frans II | |||
Historisk periode | Tidleg moderne historie | |||
- Keisarleg diplom frå Wenceslaus av Böhmen | 11. mai 1395 | |||
- Den ambrosianske republikken | 1447–1450 | |||
- Sforza-hertugar | 1450-1499 | |||
- Fransk styre | 1499–1512, 1515-1521 | |||
- Spansk styre | 1535–1706 | |||
- Austerriksk styre | 1706–1797 | |||
- Campo Formio-traktaten | 17. oktober 1797 | |||
Valuta | Milanesisk scudo, lire, soldo og denaro |
Hertugdømet Milano var ein stat i Nord-Italia frå 1395 til 1797. Han var ein del av Det tysk-romerske riket, som då var ei desentralisert eining, og vart styrt av fleire dynasti, dei fleste av dei stormakter utanfor Italia. Sjølv om territoriet til hertugdømet endra seg gjennom hundreåra, dekte det stort sett det meste av Lombardia, inkludert Milano og Pavia, tradisjonelle senter for det gamle Kongedømet Italia. Parma var òg ein del av hertugdømet fram til det vart eit eige hertugdøme på 1500-talet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Hertugdømet kom til i 1395 for Gian Galeazzo Visconti, herre av Milano. Då Huset Visconti døydde ut i 1447, erklærte Milano seg for ein republikk, trass i at hertugen av Orleans var den rettmessige arvingen i følgje ein avtale. Orleans klarte ikkje å oppfylle kravet sitt, men republikken var likevel kortvarig. Eventyraren Francesco Sforza, som gifta seg med den siste uekte dottera til Visconti, tok Milano i 1450 og gjorde seg sjølv til hertug.
I 1498 vart hertugen av Orleans konge av Frankrike som Ludvig XII og prøvde kort tid etter å oppfylle kravet til faren om Milano. Han invaderte i 1499 og jaga kor tid etter bort Lodovico Sforza. Franskmennene styrte hertugdømet til 1512, då dei var fjerna av sveitsarane, som sette sonen til Lodovico, Massimiliano på trona. Massimiliano varte ikkje særleg lenge. Franskmennene, no under Frans I, invaderte igjen i 1515 og tok igjen over kontrollen etter slaget ved Marignano, and tok Massimiliano til fange. Franskmennene vart igjen driven ut i 1521, denne gongen av austerrikarane, som sette inn den yngre broren til Massimiliano, Francesco II Sforza.
Etter eit avgjerande fransk nederlag ved Pavia i 1525, som såg ut til å gjere keisarstyrkane til Karl V dominertande i Italia, vart Francesco med i Cognac-ligaen mot keisaren i lag med Venezia, Firenze, paven og franskmennene. Dette førte raskt til at han vart driven ut av Milano av keisarstyrkane, men han klarte å halde kontrollen over andre byar i hertugdømet, og vart igjen sett inn som hertug etter freden var underskriven i Cambrai i 1529.
Då Francesco døydde utan arvingar i 1535 kom spørsmålet om kven som skulle ta over fram, og då både keisaren og kongen av Frankrike gjorde krav på hertugdømet, førte dette til meir krig. Hertugdømet Parma vart oppretta frå delar av hertugdømet Milano sør for elva Po, som eit len for den uekte sonen til pave Paul III, Pier Luigi Farnese,kring byen Parma.
Keisaren heldt på hertugdømet gjennom perioden og gav det etter kvart til sonen Filip. Spania fekk då hertugdømet og dette vart til slutt respektert av franskmennene i Cateau-Cambrésis-traktaten i 1559.
Hertugdømet Milano vart verande under spanjolane fram til den spanske arvefølgjekrigen tidleg på 1700-talet, då det vart erobra av austerrikarane. Freden i Baden som enda krigen i 1714 gjorde at Milano vart avstått til Austerrike. Hertugdømet vart verande under Austerrike til det vart erobra av den franske armeen til Napoleon Bonaparte i 1796. Hertugdømet vart avstått av Austerrike i Campo Formio-traktaten i 1797, og utgjorde ein del av den nye Den cisalpinske republikken.
Etter nederlaget til Napoleon og i følgje avgjersler i Wienerkongressen den 9. juni 1815, vart ikkje hertugdømet Milano gjenoppretta, men vart ein del av Kongedømet Lombardia–Venetia, ein del av Det austerrikske imperiet med keisaren av Austerrike som konge. Dette kongedømet tok slutt då den gjenverande delen av det vart annektert av Kongedømet Italia i 1866.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Duchy of Milan» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2011.