Hibiskus
Hibiskus | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Kattostordenen Malvales |
Familie: | Kattostfamilien Malvaceae |
Underfamilie: | Malvoideae |
Stamme: | Hibisceae |
Slekt: | Hibiskus Hibiscus L., 1753 |
Hibiskus er ei gruppe blomsterplantar i kattostfamilien som veks i varme og tropiske klima. Blada er enkle, ofte litt taggete, medan blomane har fem blomeblad, er trompetforma og har kvit, lyseraud, raud, lilla eller gul farge. Nokre kjenner òg blomane som hawaiirose.
Hibiskus blir ofte dyrka for dei vakre blomne sine, men nokre artar kan brukast til te eller som grønsak (Roselle), til papirproduksjon (Kenaf) eller klesmateriale. I Noreg er arten Hibiscus rosa-sinensis kjend som hawaiirose, men den eigentlege hawaiirosa er Hibiscus brackenridgei, som er gul og stadeigen for Hawaii. Denne gule blomsterplanten blei utnemnd til offisiell blomsterplante for Territory of Hawaii (no synonym med delstaten Hawaii) i 1923. Planten blei utnemnd til offisiell delstatsplante for Hawaii i 1988.[1] Det var truleg dette som gav planten det norske namnet.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Kvit Hibiscus arnottianus på Hawaii
-
Tropisk kjempehibiskus, Hibiscus rosa-sinensis 'Madonna'
-
Hibiscus hirtus
-
Hibiscus lobatus
-
Hibiscus hispidissimus
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hibiskus» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2022.