Historia Augusta
Historia Augusta er ei seinromersk samling av latinske biografiar om romerske keisarar, juniorkollegaene deira og usurpatorar (tronranarar) i perioden frå 117 til 284.
Verket presenterer seg sjølv som ei samanstilling av verk frå seks ulike forfattarar (kollektivt kjende som Scriptores Historiae Augustae), skrivne i regjeringstidene til Diokletian og Konstantin den store, men det verkelege forfattarskapet til verket, den faktiske datering og hensikta med det, har lenge vore gjenstand for akademisk debatt.
Den fyrste utgjevinga etter at boktrykkarkunsten blei utvikla i Europa var i 1475.
Den kjende engelske historikaren Edward Gibbon verket med forakt som ei sensasjonalistisk samling av keisarbiografiar av «ein særs unøyaktig skribent», men lét likevel ikkje vere å bruka han.[1] Dei største problema er dei kjeldene som er nytta, og kor mykje av innhaldet som er rein dikting. Trass i desse spørsmåla, er verjet den einaste samanhengande forklaringa for mykje av perioden det tek for seg, og er såleis blitt jamleg evaluert på nytt sidan moderne historikarar ikkje er villige til å oppgje ei såpass unik kjelde til mogleg informasjon, trass i at ho heilt klart er upåliteleg på mange nivå.[2]
Tittel og omfang
[endre | endre wikiteksten]Tittelen på verket blei gjeve av Isaac Casaubon, som framstilte ei kritisk utgåve i 1603 (saman med Claudius Salmasius). Han arbeidde frå ein kompleks manuskripttradisjon med eit tal ulike versjonar.[3] Kor omfattande verket var sirkulert og lese i senantikken er ikkje mogleg å vita, men omfattande sitat frå det er funne i tekstar til forfattarar frå 500- til 800-talet, og dei fremste manuskripta er òg daterte til 800- eller 900-talet.[4] Editio princeps, den fyrste trykte utgåva, blei laga i Milano i 1475. Dei seks forfattarane – «Aelius Spartianus», «Iulius Capitolinus», «Vulcacius Gallicanus», «Aelius Lampridius», «Trebellius Pollio» og «Flavius Vopiscus (frå Siracusa)» – dedikerte biografiane til Diocletian, Konstantin og ei rekkje private personar, og såleis skreiv dei alle tilsynelatande ein gong på slutten av 200- og tidleg på 300-talet.
Biografiane handlar om keisarane frå Hadrian til Carinus og Numerianus. Ein seksjon dekker regjeringstidene til Filip arabaren, Decius, Gallus og Aemilianus. Slutten av styret til Valerianus manglar derimot i alle versjonar av manuskript, og det er blitt argumentert at biografiane til Nerva og Trajan er gått tapt frå byrjinga av manuskriptet. Det kan antyda at samanstillinga kan ha vore ei direkte fortsetjing av historieverket til Sveton. Det har òg vorte teoretisert at lacuna (manglande seksjon i eit manuskript) kan ha vore eit bevisst litterært grep av forfattaren/forfattarane for å unngå arbeidet med å dekka keisarar som det kan ha vore lite kjeldemateriale å sitera frå.[5]
Sjølv om heile bøker (delar) er vigd kortvarige eller i ein del tilfelle ikkje-eksisterende usurpatorar, er det ingen uavhengige biografiar for keisar Quintillus og Florianus, som berre er kortvarig noterte mot slutten av biografiane til dei respektive forgjengarane sine, Claudius Gothicus og Tacitus. Rundt 300 år etter utgåva til Casaubon, sjølv om mykje av Historia Augusta blei behandla med stor skepsis, blei ho likevel nytta som ei autentisk kjelde, faktisk òg av Edward Gibbon i fyrste band av Romerrikets nedgang og fall (1776).[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Burrow, John (2009): A History of Histories, London: Penguin, s. 157-158
- ↑ Breisach, Ernst (2007): Historiography: Ancient, Medieval, and Modern, 3. utg., Chicago: University of Chicago Press, s. 75.
- ↑ Magie, David, Introduction til omsetjinga i Loeb Classical Library, s. xi.
- ↑ Magie, David, s. xxiv-xxv.
- ↑ Paschoud, François: «Historia Augusta», Oxford Bibliographies
- ↑ Call for Comment: Invented Sources: «...uncritically, he accepted the information from the Historia Augusta, never realizing that this source was a hoax, never asking which sources were used by its author, never preferring that information to the Historia Augusta.»
- Denne artikkelen bygger på «Historia Augusta» frå Wikipedia på bokmål, den 19. juni 2022.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Anonymous (c. 395). Historia Augusta [Augustan History] (på latin).
- Baldwin, Barry (1984). Studies on Late Roman and Byzantine History, Literature, and Language. Volume 12 of London studies in classical philology. Brill Academic Publishing. ISBN 978-90-70265-56-4.
- Baldwin, Barry (1981). «Acclamations in the Historia Augusta». Athenaeum (Italy: Pavia) 59: 138–149.
- Barnes, Timothy (1978). The Sources of the Historia Augusta. Latomus. ISBN 978-2-87031-005-2.
- Baynes, Norman Hepburn (1926). The Historia Augusta. Its Date and Purpose. Oxford: U.M.I.
- Birley, Anthony (2013). Hadrian: The Restless Emperor. Roman imperial biographies. Routledge. ISBN 978-1-135-95226-6.
- Birley, Anthony (1988). Lives of the Later Caesars. United Kingdom: Penguin. ISBN 978-0-14-193599-7.
- Birley, Anthony (2006). «Rewriting second- and third-century history in late antique Rome: the Historia Augusta». Classica (Brazil: Belo Horizonte). 19 n.1.
- Birley, Anthony (1967). «The Augustan History». Latin Biography.
- Birley, Anthony (1966). «Two Names in the Historia Augusta». Historia: Zeitschrift für Alte Geschichte (Germany: Franz Steiner Verlag) 15 (2): 249–253. JSTOR 4434928.
- Bray, John Jefferson (1997). Gallienus: A Study in Reformist and Sexual Politics. Wakefield Press. ISBN 978-1-86254-337-9.
- Breisach, Ernst (2007). Historiography: Ancient, Medieval, and Modern, 3rd ed. Chicago: University of Chicago Press. ISBN 978-0-226-07284-5.
- Browning, Robert (1983). «Biography». I Kenney, E. J.; Clausen, Wendell Vernon; Cameron, Averil. The Cambridge History of Classical Literature: Volume 2, Latin Literature, Part 5, The Later Principate. The Cambridge History of Classical Literature 2. Cambridge University Press. s. 41–50. ISBN 978-0-521-27371-8.
- Bunson, Matthew (1991). A Dictionary of the Roman Empire. Oxford: Oxford University Press.
- Cameron, Alan (2010). The Last Pagans of Rome. Oxford: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-978091-4.
- Campbell, Brian (1994). The Roman Army, 31 BC-AD 337: A Sourcebook. Routledge. ISBN 978-1-134-90940-7.
- Cancik, Hubert; Schneider, Helmuth; Salazar, Christine (2009). Brill's New Pauly: Encyclopaedia of the Ancient World. Antiquity 14. Holland: Brill. ISBN 978-90-04-14219-0.
- Den Boeft, Jan; Drijvers, Jan Willem; Den Hengst, Daniël; Teitler, Hans (2013). Philological and Historical Commentary on Ammianus Marcellinus XXIX. Brill. ISBN 978-90-04-26787-9.
- Den Hengst, Daniel (2010). Emperors and Historiography. BRILL. ISBN 978-90-04-17438-2.
- Gibbon, Edward (1776). Decline and Fall of the Roman Empire, Vol I.
- Habelt, Rudolf (1968). Bonner Historia-Augusta-Colloquium, Volume 4. Rudolf Habelt Verlag.
- Hadas, Moses (2013). A History of Latin Literature. Columbia University Press. ISBN 978-0-231-51487-3.
- Hornblower, Simon; Spawforth, Antony; Eidinow, Esther (2012). The Oxford Classical Dictionary. Oxford: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-954556-8.
- Jones, Arnold Hugh Martin (1986). The Later Roman Empire 284-602, Vol 2. Oxford: Taylor & Francis. ISBN 978-0-8018-3354-0.
- Jones, Arnold Hugh Martin; Martindale, John Robert; Morris, John (1971). The Prosopography of the Later Roman Empire, Vol. I (A.D. 260-395). Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-07233-5.
- Kreucher, G (2003). Der Kaiser Marcus Aurelius Probus und seine Zeit. Wiesbaden, Germany: Franz Steiner Verlag. ISBN 978-3-515-08382-9.
- Laistner, M. W. L. (1966). The Greater Roman Historians. University of California Press.
- Magie, David (1921). The Historia Augusta. London & Harvard: Loeb Classical Library.
- Marshall, Peter K (1983). «Scriptores Historiae Augustae». I Reynolds, Leighton Durham. Texts and Transmission: A Survey of the Latin Classics. Clarendon Press. s. 354ff. ISBN 978-0-19-814456-4.
- Mehl, Andreas (2011). Roman Historiography. London: John Wiley & Sons. ISBN 978-1-4051-2183-5.
- Mellor, Ronald (2002). The Roman Historians. Routledge. ISBN 978-1-134-81652-1.
- Molinier-Arbo, Agnès (2010). «Les documents d'archives dans la Vita Commodi : degré zéro de l'histoire ou fiction». Dialogues d'Histoire Ancienne (France: Persée). suppl. 4.1: 87–112.
- Momigliano, Arnaldo (1954). «An Unsolved Problem of Historical Forgery: The Scriptores Historiae Augustae». Journal of the Warburg and Courtauld Institutes (Oxford) 17 (1/2): 22–46. JSTOR 750131. doi:10.2307/750131.
- Momigliano, Arnaldo (1969). «Review: Ammianus and the Historia Augusta by Ronald Syme». The English Historical Review 84 (332): 566–569. JSTOR 562486.
- Momigliano, Arnaldo (1973). «Review: Emperors and Biography. Studies in the Historia Augusta by Ronald Syme». The English Historical Review 88 (346): 114–115. JSTOR 562570.
- Momigliano, Arnaldo (1984). Secondo Contributo Alla Storia Degli Studi Classici. Ed. di Storia e Letteratura.
- Claudian (1922). Claudian on LacusCurtius. Sett om av Platnauer, Maurice. Harvard: Harvard University Press.
- Potter, David (2005). Literary Texts and the Roman Historian. Routledge. ISBN 978-1-134-96233-4.
- Prickman, Greg (2013). "Ninth Century – The Text" in The Atlas of Early Printing. Arkivert frå originalen 10. august 2014. Henta 31. august 2013 – via University Archives at the University of Iowa Libraries.Mirror at
- Raschke, Manfred (1976). New Studies in Roman Commerce with the East (PDF). Politische Geschichte (Provinzen und Randvölker: Mesopotamien, Armenien, Iran, Südarabien, Rom und der Ferne Osten) 9 (W. de Gruyter). ISBN 978-3-11-007175-7.
- Rohrbacher, David (2016). The Play of Allusion in the Historia Augusta. Wisconsin: University of Wisconsin Press. ISBN 978-0-299-30604-5.
- Rohrbacher, David (2013). «The Sources of the Historia Augusta Re-examined» (PDF). Histos 7.
- Shorter, David (2008). Roman Britain: A Sourcebook.
- Syme, Ronald (1968). Ammianus and the Historia Augusta. United Kingdom: Clarendon Press.
- Syme, Ronald (1971). Emperors and Biography: studies in the 'Historia Augusta'. United Kingdom: Clarendon Press. ISBN 9780198143574.
- Syme, Ronald (1983). Historia Augusta Papers. United Kingdom: Clarendon Press. ISBN 978-0-19-814853-1.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ei engelsk omsetjing av det fullstendige verket, ved David Magie, London & Harvard 1921, med latinsk på motstående side, er tilgjengelig i Loeb Classical Library. Delvis oversettelse av Anthony Birley som Lives of the Later Caesars er utgitt av Penguin.
- Baynes, Norman H. (1926): The Historia Augusta. Its Date and Purpose, Oxford
- Cameron, Alan (2011): The Last Pagans of Rome, Oxford
- Momigliano, Arnaldo (1954): «An Unsolved Problem of Historical Forgery: The Scriptores Historiae Augustae» i: Journal of the Warburg and Courtauld Institutes 17 (1/2), s. 22-46. I JSTOR
- Syme, Ronald (1968): Ammianus and the Historia Augusta, Oxford
- Syme, Ronald (1971): Emperors and Biography, Oxford
- Syme, Ronald (1983): Historia Augusta Papers, Oxford