Hoag sitt objekt
Utsjånad
Hoag sitt objekt | |||
Hubble-bilete av Hoag sitt objekt. Bak galaksen kan ein sjå ein ringgalakse nummer to. | |||
Observasjonsdata (epoke J2000) | |||
---|---|---|---|
Stjernebilete | Slangen | ||
Rektasensjon | 15t 17m 14,40s[1] | ||
Deklinasjon | +21° 35′ 07″[1] | ||
Avstand | 600 millionar lysår | ||
Type | ringgalakse | ||
Sjå òg: Galakse, lista over galaksar |
Hoag sitt objekt er ein ringgalakse som ligg rundt 600 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Slangen. Han vart oppdaga i 1950 av astronomen Arthur Allen Hoag og er omtrent 120 000 lysår på tvers, noko større enn Mjølkevegen. Det har vore spekulert i at utsjånaden til Hoag sitt objekt ættar frå ei nærpassering av ein annan galakse.
Hoag såg at objektet likna på ei planetarisk tåka, men føreslo seinare at objektet, trass i den uvanlege forma, var ein galakse. Observasjonar gjorde på 1970-talet prova dette.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen baserer seg på pressemelding STScI-2002-21 frå Space Telescope Science Institute.