Hortenlinja
Utsjånad
Hortenlinja | |
Info | |
---|---|
Type | Jernbane |
System | Elektrifisert jernbane |
Utgangsstasjon | Skoppum stasjon |
Endestasjon | Horten |
Tal på stasjonar | 7 |
Drift | |
Opna | 13. oktober 1881 |
Eigar | Jernbaneverket |
Teknisk | |
Lengde | 7 km |
Hortenlinja gjekk frå Skoppum til Horten. Den 7 km lange jernbanestrekninga var ei sidelinje til Vestfoldbanen. Banen vart offisielt opna 13. oktober 1881. Banen vart bygd om frå smalspor til normalspor i 1949 og elektrifisert i 1957. Persontrafikken vart innstilt 28. mai 1967. Godstrafikken opphørte i januar 2002, og i 2007 vart det vedteke at banen skal rivast og traséen nyttast til gang- og sykkelsti. Demonteringa av banen vart starta i januar 2008. Delar av kontaktleidningsanlegget er teke over av Thamshavnbanen.
Strekning med tidlegare stoppestader
[endre | endre wikiteksten]Teiknforklaring | |||
Vestfoldbanen frå Drammen | |||
99,54 km | Skoppum stasjon | 39,0 moh | |
mot Tønsberg | |||
Vestre Sande (1929-1967) | |||
103,07 km | Borre stasjon (1881-1967) | 25,9 moh | |
Langgrunn (1941-1945, 1947-1967) | |||
Rørestrand (1929-1930) | |||
Steinsnes (1930-1967) | |||
106,51 km | Horten stasjon (1881-2007) | 2,2 moh | |
Horten havn (Dypvannskaia) |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hortenlinjen» frå Wikipedia på bokmål, den 9. mai 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Hortenlinjen – en seiglivet blindtarm Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.
- Regjeringen.no