Huai'an
Huai'an | |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Areal | 10 029,54 km² | ||
Folketal | 4 799 889 (2010) | ||
Huai'an 33°35′19″N 119°01′09″E / 33.58861°N 119.01917°E | |||
Plasseringa av Huai'an i Jiangsu
| |||
Wikimedia Commons: Huai'an |
Huai'an (kinesisk skrift 淮安; pinyin Huái'ān) er eit byprefektur i provinsen Jiangsu i Kina, nordvest for dei sentrale delane av provinsen. I sør grensar Huai'an mot provinsen Anhui. Prefekturet har eit areal på 10 132 km² og 4 799 889 innbyggjarar i 2010. Av desse bur 2 494 013 i byområde.
Huai'an ligg kring sørbreidda og austbreidda av innsjøen Hongze.
Byprefekturet Hui'an omfattar fire distrikt (区 qū) og fire fylke (县 xiàn).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Qingliangangkulturen oppstod i dette området for rundt 5 000 år sidan. Byen Huai'an si historie går over 2 200 år tilbake.
Kommunistleiaren Zhou Enlai var frå Huai'an.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Riksveg 205 i Kina passerer gjennom området. Han tek til i Shanhaiguan i Hebei og endar opp sør i Shenzhen i provinsen Guangdong. Undervegs fører den innom mellom andre Tangshan, Tianjin, Zibo, Nanjing, Wuhu, Sanming, Heyuan og Huizhou i Guangdong.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Huai'an» frå Wikipedia på bokmål, den 1. mai 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Huai'an» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2012.