Hopp til innhald

Hyliafamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hyliafamilien
Hylia, Hylia prasina, preparat synt fram i Nairobi National Museum
Hylia, Hylia prasina,
preparat synt fram i Nairobi National Museum
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Sylvioidea
Familie: Hyliafamilien Hyliidae
Bannerman, 1923

Hyliafamilien (Hyliidae) er ein biologisk familie av to små sporvefuglar som lever i skogshabitat i tropisk Vest- og Sentral-Afrika.

Artane er monotypiske i kvar si biologiske slekt:

  • Hylia, Hylia prasina, Green Hylia, (Cassin, 1855), (LC)
  • Vevarmeis, Pholidornis rushiae, Tit Hylia, (Cassin, 1855), (LC)

Dette er småfuglar som kan vege høvesvis 12 og 7,5 gram og som et av eit breitt utval av insekt, spesielt skjoldlus for vevarmeis og biller blant hylia. Reira er relativt store og sfæriske, liknar reira til vevarfuglar (Ploceidae). Kullet er på høvesvis eitt og to egg for dei to artane. Vanlege morfologiske fellestrekk er den penselliknande tungetuppen og det lange tungebeinet. Utsjånaden er ulike: hylia er olivengrøn omtrent som ein bladsongar. Den langt mindre vevarmeisa har ei stripete drakt med brun overside og kraftig gult i over og undergumpen og bakre buk, samt gule eller oransje føter.

Over ein lang periode var ornitologar usamde om den systematiske klassifiseringen av desse to artane, og over tid vart dei, saman eller kvar for seg over tid, sette inn i ulike familiar, mellom anna i dunsongarfamilien.

  • Silke Fregin, Martin Haase, Urban Olsson, Per Alström: New insights into family relationships within the avian superfamily Sylvioidea (Passeriformes) based on seven molecular markers. BMC Evolutionary Biology 12(1), 157, 2012. S. 1–12, DOI: 10.1186/1471-2148-12-157
  • Kristina M. Sefc, Robert B. Payne, Michael D. Sorenson (2003): Phylogenetic relationships of African sunbird-like warblers: Moho (Hypergerus atriceps), Green Hylia (Hylia prasina) and Tit-hylia (Pholidornis rushiae) (PDF). Ostrich: Journal of African Ornithology. 74 (1–2): 8–17. doi:10.2989/00306520309485365

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Hyliafamilien