Involusjon i matematikk
Utsjånad
Involusjon (av latin «å svøype inn») i matematikk er ein eintydig korrespondanse mellom punkt på ei rett linje som er definert ved to faste punkt P og Q. Til kvart punkt A svarer det punktet B som har den eigenskapen at A og B delar PQ harmonisk. Viss A og B har koordinatane x og x1, kan involusjon òg oppfattast som ein lineær broten transformasjon.
Omgrepet involusjon er av særleg viktig for projektiv geometri og er alt omtalt hos Gérard Désargues i 1639.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- involusjon. (2011-11-29) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/involusjon/matematikk