Issoleie
Utsjånad
Issoleie | |
Issoleie | |
Status | |
Status i Noreg: Sårbar | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Ranunculales |
Familie: | Soleiefamilien Ranunculaceae |
Underfamilie: | Ranunculoideae |
Stamme: | Ranunculeae |
Slekt: | Soleieslekta Ranunculus |
Art: | Issoleie R. glacialis |
Vitskapleg namn | |
Ranunculus glacialis |
Issoleie eller reinblom er ei plante i soleiefamilien. Arten har ei amfiatlantisk utbreiing. Planta vert kring 5-20 centimeter høg og er snau, blank og saftfull. Issoleie har ein eller nokre få toppstilte blomstrar. Begerblad og kronblad sit lenge på. Kronblada er først kvite, men vert snart raudfiolette. Planta blømer kring juli månad på grus og snøleger til fjells.
Issoleie veks i Noreg frå Telemark til Finnmark. Planta er funnen opp til 2370 m på Galdhøpiggen.
Underartar
[endre | endre wikiteksten]Ein reknar i dag med to underartar:[1]
- subsp. glacialis - er amfiatlantisk, dvs veks på begge sider av Atlanterhavet frå Eurasia til Grønland.
- subsp. alaskensis - veks i Alaska
Den tidlegare underarten subsp. camissonis er skilt ut som eigen art Ranunculus camissonis veks på begge sider av Beringstredet. Somme plassar er det feilaktig skrive Ranunculus chamissonis.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kristin Steineger Vigander (2022). «Issoleie -Årets villblomst 2022».
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- issoleie Ranunculus glacialis L., artsdatabanken.no
- Denne artikkelen bygger på «Isranunkel» frå Wikipedia på svensk, den 7. januar 2011.