Jacques Rousseau
Jacques Rousseau | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 10. mars 1951 Basse-Terre, Saint-Claude |
Død |
14. februar 2024 (72 år) |
Yrke | friidrettsutøvar |
Språk | fransk |
Høgd | 183 centimeter |
Jacques Rousseau på Commons |
Jacques Rousseau (10. mars 1951–14. februar 2024) var ein fransk friidrettsutøvar frå Basse-Terre på Guadeloupe. Han vart europameister i lengdehopp i 1978.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Rousseau kvalfiserte seg til finalen under friidretts-EM 1971 i Helsingfors med eit hopp på 7,82 m. I finalen enda han på ellevteplass med moderate 7,56 m. Under Sommar-OL 1972 i München hoppa han 7,65 meter og vart nummer ti. Same plassering fekk han ved europameisterskapen 1974 i Roma.
I 1973-sesongen var Rousseau nær ved å slette den franske lengderekorden på 8,16 m, men landa tre cm for tidleg. Våren 1975 sigra Rousseau med 7,94 meter i EM innandørs i Katowice. Året etter forsvarte han i München meistertittelen med eit hopp på 7,90 meter. Den 26. juni 1976 gjorde han sitt livs lengste hopp og sette landsrekord med 8,26 meter då han vart fransk meister i Lille.
Rousseau reiste til Sommar-OL 1976 i Montreal som ein klar medaljekandidat. I lengde-finalen stoppa han på 8,00 meter og vart nummer fire, to centimeter bakom bronsevinnaren, austtyske Frank Wartenberg.
Etter å ha kava med å kvalifisere seg til lengdefinalen ved europameisterskapen i Praha i 1978, slo Rousseau til med 8,18 meter i finalen, ny meisterskaprekord og gullmedalje med ein margin på seks centimeter til Nenad Stekic, som representerte Jugoslavia.