Jim Price
Utsjånad
Jim Price | |||
| |||
Fødd | 1945 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Fort Worth | ||
Alias | Jim Price | ||
Opphav | Fort Worth i Texas i USA | ||
Aktiv | Sidan 1970-åra | ||
Sjanger | Rock | ||
Instrument | Trompet, piano | ||
Tilknytte artistar | Rolling Stones, Delaney and Bonnie and Friends, Joe Cocker | ||
Plateselskap | A&M Records, Dunhill | ||
Verka som | Studiomusikar, komponist, plateprodusent |
James William Price (fødd i 1945)[1] er ein USA-amerikansk trompetist som i lag med Bobby Keys og Jim Horn var ein av dei mest etterspurt studiomusikarane på blåseinstrument i 1970-åra.[1] Han turnerte mykje med The Rolling Stones frå 1970 til 1973, og spelar på albuma deira Sticky Fingers, Exile on Main St. og Goats Head Soup.[1] Frå september 1968 til februar 1969 spelte Price med New Buffalo Springfield. Han spelte òg med Delaney, Bonnie and Friends, på Joe Cocker sitt Mad Dogs and Englishmen, med Eric Clapton, All Things Must Pass med George Harrison og Barbra Streisand på Barbra Joan Streisand.[1] Han har sidan arbeidd som plateprodusent og komponert musikk for film og fjernsyn.[1]
Album produserte av Price
[endre | endre wikiteksten]- Jim Price - Kids Nowadays Ain't Got No Shame (A&M)
- Genya Ravan - They Love Me, They Love Me Not (ABC Dunhill)
- Jim Price - Sundego's Traveling Orchestra (ABC Dunhill)
- Jim Price - All Occasion Brass Band (MCA)
- Joe Cocker - I Can Stand A Little Rain (A&M) (inkluert singelen «You Are So Beautiful»)
- Joe Cocker - Jamaica Say You Will (A&M)
- Wayne Shorter - Native Dancer (CBS),1975
- Jennifer Warnes - Jennifer Warnes (Arista)
- KGB - KGB (MCA)
- Hamilton, Joe Frank & Reynolds (Playboy),1975
- David Bromberg - Reckless Abandon (Fantasy)
- Milton Nascimento - Journey to Dawn (A&M)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jim Price» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juni 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: