Johan Kleppe
Johan Kleppe | |||
Fødd | 29. september 1928 Bjørnskinn | ||
---|---|---|---|
Død | 17. mai 2022 (93 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, veterinær | ||
Utdanna ved | Veterinærhøgskulen | ||
Alle verv |
|
Johan Kleppe (fødd 29. september 1928) er ein norsk veterinær og politikar for Venstre. Han var forsvarsminister i regjeringa Korvald.
Kleppe blei fødd på Bjørnskinn i Nordland. Han blei uteksaminert frå Norges veterinærhøgskole i 1954. I studietida var han formann i Studentvenstrelaget i 1950. Etter studia jobba han som kommuneveterinær i Andøy. Han var ordførar i Andøy 1966-1967, 1967-1969 og 1975-1978. I regjeringa Borten var han statssekretær i Landbruksdepartementet frå 1968-1969. Frå 1969-1973 var han vald inn på Stortinget for Nordland. Då Venstre blei delt i 1972, var han ein av dei fire stortingsrepresentantane som blei verande igjen i Venstre. Frå 18. oktober 1972 til 30. september 1973 var han forsvarsminister i regjeringa Korvald. Frå 1966 til 1974 var han medlem i Venstre sitt landsstyre.
Etter den politiske karrieren var han mellom anna fylkesveterinær for Nord-Noreg frå 1976 til 1992.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1928
- Norske forsvarsministrar
- Venstrestatsrådar
- Statsrådar i Regjeringa Korvald
- Statssekretærar i Regjeringa Borten
- Statssekretærar frå Venstre
- Ordførarar i Andøy
- Venstreordførarar i Nordland
- Stortingsrepresentantar 1969-1973
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Stortingsrepresentantar for Nordland
- Norske veterinærar
- Folk frå Andøy