Hopp til innhald

Juba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Juba
hovudstad
Land  Sør-Sudan
Høgd 550 m
Areal 52 km²
Folketal 459 342 (2023)[1]
Kart
Juba
4°51′14″N 31°34′57″E / 4.8538888888889°N 31.5825°E / 4.8538888888889; 31.5825
Wikimedia Commons: Juba

Juba er hovudstaden i Sør-Sudan, der regjeringa har hovudsete. Han ligg ved Den kvite Nilen, ikkje så langt nord for grensa til Uganda.

Bru over Den kvite Nilen ved Juba.

I 2011 hadde Sør-Sudan ei folkerøysting om lausriving frå Sudan, og Juba fekk status som hovudstad då landet vart sjølvstendig den 9. juli 2011.

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

I 2005 hadde Juba 163 442 innbyggjarar. Ei folketeljing i 2008 vart avvist av den sørsudanske regjeringa, men folketalet blei då estimert til rundt 230 000 innbyggjarar. I dag er Juba ein av dei raskaste veksande byane i verda, takka vere ein stadig større oljeindustri og kinesiske kontraktarbeidarar som kjem for å jobbe.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Juba Population 2023». Henta 21. november 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Juba