Hopp til innhald

Julebrev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julebrev frå kardinal Pietro Vito Ottoboni, seinare pave Aleksander VIII, frå 1672.

Julebrev er eit brev ein sender eller mottek til jul,[1] ofte i fleire kopiar til ulike folk,[2] og i lag med julekort eller fotografi. Eit slikt brev kan oppsummera hendingar i året som har gått for sendaren og familien deira.[3]

Julebrev er ei vanleg form for julehelsing.[4] Brevforma er ofte blitt kritisert for at ho rosemålar røyndommen og kan innehalda banale detaljar og vera egosentriske og skrytande.[5][6][7][8]

I kulturen

[endre | endre wikiteksten]

Hello from The Gillespies av Monica McInerney frå 2014 er ein roman der hovudpersonen fortel sanninga i eit julebrev, i staden for den skjønnmåla versjonen ho har sendt dei siste tretti åra.[9][10]

Julebrev er tittelen på ein roman av Kjersti Herland Johnsen frå 2020.[11]

  1. «julebrev — Den Danske Ordbog», ordnet.dk, henta 14. november 2020 
  2. «Julebrevforfatter, vær deg selv!», www.dagsavisen.no (på norsk), henta 14. november 2020 
  3. «Round Robins». Debrett's. Debrett's. Arkivert frå originalen 10. januar 2014. 
  4. «Julebrev» i Det Norske Akademis ordbok
  5. «Julebrev», Boktips (på norsk bokmål), 4. januar 2014, henta 14. november 2020 
  6. «Why are round-robin letters so annoying?». BBC News. 22. desember 2008. Henta 10. januar 2014. 
  7. Read, Max (27. januar 2012). «Behold, the Most Obnoxious Christmas Letter Ever». Gawker. Gawker Media. 
  8. Pritchett, Oliver (17. desember 2012). «Three jeers for the round robin!». The Daily Telegraph. Henta 10. januar 2014. 
  9. «Hello from The Gillespies, by Monica McInerney», The Irish Times (på engelsk), henta 14. november 2020 
  10. «Curtis Brown», www.curtisbrown.co.uk, henta 14. november 2020 
  11. «Julebrev | Kjersti Herland Johnsen | ARK Bokhandel», www.ark.no, henta 14. november 2020