Kavála
Kavála Lokalt namn Καβάλα | |
---|---|
Festninga i Kavála sett frå sjøen | |
Geografi | |
Stad | Makedonía |
Koordinatar | 40°56′N 24°24′E / 40.933°N 24.400°E |
Areal | 350,6 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Aust-Makedonía og Thráki Kavála |
Hovudsete | Kavála (51 947 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 66 376 (2021[1]) |
Folketettleik | 189,3 /km² |
Kavála (gresk Καβάλα), òg kalla Kavalla, er ein by og kommune i periferieininga med same namn i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas. Byen er òg hovudstad i periferieininga og den største hamnebyen i Gresk Makedonia. Han ligg vakkert til ved Kaválabukta, ovanfor øya Thásos.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Han vart opphavleg grunnlag av kolonistar frå Páros på 500-talet fvt., som kalla han Neapolis («ny by»). Neapolis var ein by i Makedonia. Han var sannsynlegvis same by som Daton (Δάτον), kjend for gullgruvene sine (Herod. ix. 75).
Han vart ein romersk civitas i 168 fvt. og var base for Brutus og Cassius i 42 fvt. før dei tapte slaget ved Fílippi. Paulus gjekk i land ved Kavála på den første reisa hans til Europa. Under Austromarriket vart byen kalla Khristoupolis av grekarane og Morunets av lokale bulgarar.
Kavála var ein del av Det osmanske riket frå 1371 til 1912. Mehmet Ali vart fødd her i 1769.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Frå 2011 omfattar kommunen òg den tidlegare kommunen Fílippi. Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 66 376 innbyggjarar, medan kommunaleininga Kavála hadde 56 243 og tettstaden med same namn 51 947 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader
[endre | endre wikiteksten]Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Kavála | Kavála | 54 027 | 51 947 |
Krinídes | Fílippi | 3 365 | 2 925 |
Amygdaleónas | Fílippi | 2 724 | 2 647 |
Paleó Tsiflíki | Kavála | 2 195 | 1 983 |
Néa Karváli | Kavála | 2 160 | 1 925 |
Zygós | Fílippi | 1 485 | 1 209 |
Fílippi | Fílippi | 894 | 796 |
Lydía | Fílippi | 808 | 631 |
Kryonéri | Fílippi | 690 | 515 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
- Delar av denne artikkelen bygger på «Kavala» frå Wikipedia på engelsk, den 18. september 2007.